Deler Nordic Wildfish i tre
EKSTRA KOSTNAD: Trålaren Molnes hos Vard Søviknes like før den var ferdig ombygd i 2016. Ombygginga kosta meir enn planlagt og banken kravde at eigarane i Nordic Wildfish måtte stille opp med meir pengar. Det var ikkje alle med på. No er dei tre hovudeigarane i ferd med å skilje lag.
Nytt

Deler Nordic Wildfish i tre

Eigarane av fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish har varsla at dei deler fiskebåtreiarlaget i tre.

30.11.2019
I følgje Brønnøysundregisteret er det meldt inn at fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish "er besluttet oppløst for fisjon" (deling, red.merk).
Ein langvarig aksjonærstrid i reiarlaget enda i januar i år med ekstraordinær generalforsamling, nytt styre og etter ei tid også til at dagleg leiar Tore Roaldsnes måtte gå.

Etterpå har dei tre hovudaksjonærane, brørne Tore og Pål Arne Roaldsnes og slektningen Jan Harald Roaldsnes forhandla for å finne ei løysing etter fleire år med usemje i reiarlaget.

Langvarig usemje

Ein dom i lagmannsretten frå 2018 viser at striden mellom aksjonærane i Nordic Wildfish i alle fall har pågått sidan 2015.


I 2015 viste seg at ombygginga av fiskebåten Molnes, som Nordic Wildfish hadde kjøpt i 2013, var blitt mykje dyrare enn planlagt. Fartyet er mellom anna utstyrt med anlegg for levandelagring av fangsten og med eit - enno ikke fullt fungerande - anlegg for utnytting av restråstoff.
Selskapet hadde behov for 40 millionar kroner i ny kapital og Sparebank1 SMN kravde at eigarane sjølve stilte opp med minst 9,9 millionar kroner for å vere med på eit lån.
Men på ei ekstraordinær generalforsamling 12. april 2016 stemte Jan Harald Roaldsnes nei til ein emisjon på 9,9 millionar kroner, i følgje dommen. Med 34 prosent av aksjane hadde han såkalla negativt fleirtal, som mellom anna betyr at han kan blokkere for kapitalutvidingar.

Kvart til sitt

Nordic Wildfish eig og driv tre havgåande fiskebåtar. NETT NO skreiv i januar i år at brutto verdianslag for selskapet ligg mellom 1,5 og to milliardar kroner. Minus gjelda er det snakk verdiar for mellom ein og 1,5 milliardar kroner.
Det er først og fremst verdien på kvotane som gjer verdiane så høge.
Ut frå kunngjeringa i Brønnøysundregisteret ser det ut til at dei tre hovudaksjonærane tek kvar sin fiskebåt og driv vidare kvar for seg.
Dei tre selskapa som Nordic Wildfish skal delast i er Athomstart Invest 334 as (Tore Roaldsnes), Roaldsnes as (Jan Harald Roaldsnes) og Rossholmen as (Pål Arne Roaldsnes).

Prisbelønt

I 2017 blei Nordic Wildsfish kåra til årets nyskapar i Møre og Romsdal og i 2016 fekk selskapets Fiskeridirektoratets miljøpris.

Sidan 2014 har Nordic Wildfish fått over 20 millionar kroner i støtte for å utvikle ny fangstbehandling- og fartyteknologi.
Det er teknologiutviklinga knytt til ombygging av trålaren Molnes og utvikling av eit nytt og mindre drivstoffkrevande fiskefarty som har fått offentleg støtte.

Publisert: 30.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46