Christian Strand Halstensen styreleiar Fiskebat arsmote 2023 foto Ogne
KVA NO: Styreleiar Christian Strand Halstensen i Fiskebåt har eit årsmøtevedtak om at organsisasjonen skal melde seg ut av Norges Fiskarlag dersom den ikkje får den avklaringa Fiskebåt ønskjer frå landsmøtet i Norges Fiskarlag denne veka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Delt landsstyre i Fiskarlaget

Greidde ikkje å samle seg om felles syn på kvotefordeling.

17.11.2025

Landsstyret i Norges Fiskarlag var seint måndag ettermiddag ferdig med sitt førebuande møte før landsmøtet i Trondheim tysdag. 

I saka som kan føre til at Fiskebåt går ut av organisasjonen, greidde landsstyret ikkje å samle seg om ei felles innstilling, fortel styreleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag til Nett No.

Der delte landsstyret seg 8-6.

Tredjelandsskvote
Det som er blitt stridsspørsmålet er korleis dei såkalla tredjelandskvotane skal fordelast, dersom dei ikkje blir fiska opp. 

Det er norske fiskekvotar som er gitt til fiskarar frå tredjeland, altså fiskarar som har fått kvotane som del av ein handel det norske fiskarar frå kvotar i utanlandsk farvatn i bytte.

Fleirtal for Fiskebåt sitt syn
Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, ønskjer eit vedtak som i praksis betyr at desse kvotane tilfell den havgåande fiskeflåten dersom utanlandske fiskarar ikkje klarer, eller vil fiske heile tredjelandskvoten.

Argumentet er at det vil kompensere for at Stortinget i 2024 vedtok ei mindre omfordeling av fiskekvotane, til ugunst for havfiskeflåten.

Fleirtalet av landsstyret har slutta opp om Fiskebåt sitt syn.

Nei frå Nord
Norges Fiskarlag er delt i tre underorganisasjonar; Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.

Nord Fiskarlag er i utgangspunktet usamd med Fiskebåt om kvotefordelinga, men kom Fiskebåt i møte på viktige punkt før Fiskebåt sitt årsmøte i februar i år. 

Det førte til at Fiskebåt sette planane om å melde seg ut av Norges Fiskarlag på vent.

No har imidlertid konflikten blussa opp igjen.

Under den konkrete usemja er der ei grunnleggande mistillit mellom partane, der Fiskebåt vil ha garantiar for at Nord Fiskarlag ikkje startar det Fiskebåt vurdere som stadige omkampar om fordeling av fiskekvotane.

Publisert: 17.11.2025 18:15

Sist oppdatert: 17.11.2025 20:30

Mer om