Esvagt Ares havyard
HAVVIND: Nybygg 149 er det sjette havvind-skipet frå Havyard Leirvik. Foto: Havyard Leirvik AS
Nytt

Tredje frå Havyard til Esvagt

Leverte det sjette havvindskipet, nummer tre til danske Esvagt.

21.09.2021

Det tredje og siste av trillingskipa til danske Esvagt vart tysdag overlevert frå Havyard Leirvik.

Dermed har verftet levert tre vindmølleskip av HAV 831 SOV-design på under eitt år.

Prosjektleiar Vegard Skår seier i ei pressemelding at Havyard Leirvik gjennom denne perioden har vist at dei er omstillingsdyktige og fleksible. I tillegg framhevar han samarbeidet med underleverandørar.

- På skip nummer tre ser vi verkeleg søsterskip-effekten. Vi får utruleg gode tilbakemeldingar frå leverandørar, reiarlag og klasseselskap, seier Skår.

Grønt skifte
Administrerande direktør ved Havyard Leirvik, Tor Leif Mongstad, seier at seks leverte skip til havvindindustrien gir Havyard Leirvik ein svært sterk posisjon i dette segmentet, i tillegg til at verftet er markedsleiande innan batteriferjer.

- Med våre referansar både frå batteriferjer og vindmølleskip, i tillegg til at vi nå har ombygging og elektrifisering av ferjer for fleire ferjerederi, står vi solid plassert innan det grøne skiftet på sjøen.

Verftet er no i innspurten av arbeidet med ein brønnbåt til Frøy som skal leverast tidleg i november. I tillegg har verftet fleire ombyggingsoppdrag og ferjedokkingar for ulike ferjereiarlag saman med ulike service- og reparasjonsoppdrag. Selskapet opplyser at dokka er stort sett oppfylt til neste år.

Publisert: 21.09.2021 14:21

Sist oppdatert: 21.09.2021 14:34

Mer om