Designkontrakt til Ulstein
Ulstein Group skal teikne forskingskip til Korea.
Skipet skal byggast i hos Hanjin Heavy Industries & Construction Co i Busan i Sør-Korea, men teikning og konstruksjon blir gjort i Ulsteinvik.
Det 92 meter lange og 21 meter breie skipet skal brukast av Korea Institute of Geoscience and Mineral Resources (Kigam), og blir bygd med Ulstein Group sin karakteristiske baug, X-Bow, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.
Havbotnskartlegging
Havbotnskartlegging blir hovudoppgava til skipet. Det blir utstyrt med både seismikk-kablar og utstyr for seismikkundersøkjingar ved hjelp av nodar på havbotnen, og blir også utstyrt for å kunne ta sedimentprøver av havbotnen.
Skipet har plass til 30 forskarar og eit mannskap på 20.
113 design selde
I slutten av 2019 hadde Ulstein Group seld 112 X-Bow-design. Design-kontrakten Ulstein Group offentlegjer i ei pressemelding i dag er nummer 113.
– Det blei mykje større enn vi hadde sett føre oss, både sjølve produktet, og kva det betydde for oss, regionen - kanskje for heile Norge for den del, sa sjefdesignar Øyvind Gjeder Kamsvåg då Ulstein Group blei kåra til beste industridesignbedrift på industridesignkonferansen på Giske i 2019.
I 2015 oppsummerte Ulstein Group at det til då hadde seld design og skipsutstyr for 10 milliardar kroner til X-Bow-fartøy. Då var 100 X-Bow-design selde.
Publisert: 01.06.2021 09:17
Sist oppdatert: 01.06.2021 10:31