Blei mykje stoerre enn vi hadde sett foere oss
ÅRETS INDUSTRIDESIGNSELSKAP: Lene Trude Solheim og Øyvind Gjerde Kamsvåg frå Ulstein Group fekk ein opptur på industridesignkonferansen på Giske. 
Nytt

– Blei mykje større enn vi hadde sett føre oss

Etter nominasjonar i tre kategoriar blei Ulstein Group kåra til beste industridesignselskap på Giske-konferansen. X-Bow-suksessen har vore sentral for skipsbyggjarane.

Marius Rosbach
04.10.2019
Ulstein Group hadde all grunn til å smile breitt etter industridesignkonferansen på Giske torsdag. Konsernet var nominert til tre prisar ved konferansen, som ifølgje arrangørane i Momentium er den største av sitt slag i landet. Ulstein fekk prisen som beste industridesignselskap.
– Dette var veldig kjekt og overraskande. Vi har mykje hardt arbeid bak oss, og meir i vente framover. Prisen er ein honnør til alle våre medarbeidarar som kvar dag står på hardt for at vi skal lykkast, og ikkje minst til våre eigarar som tenker langsiktig, fortel organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim etter utdelinga.
Jets Vacuum frå Hareid fekk berekraftprisen, Tango Seaweed frå Herøy , medan Nye Ålesund kommune blei kåra til årets varemerke.

Designar om X-Bow-suksessen

Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg frå Ulstein Group var mellom dei som hadde innlegg under konferansen. Han tok for seg korleis konsernet har jobba med industridesign, kva dei gjer i dag og peika litt fram mot kva dei vil gjere i framtida.

Men ikkje minst handla det om arbeidet med X-Bow-baugen frå skipsbyggjarane i Ulsteinvik. Juryen på IDC-konferansen omtala skipsdesignen som er på hundrelappen, saman med Gokstadskipet – som «havets svar på coca-colaflasken»
– Vi visste ikkje heilt kva vi gjekk inn i då vi starta, seier Kamsvåg til NETT NO.

Har selt 112 X-Bow-design

Bourbon Orca blei det første skipet med den «bakvende» baugforma i 2006. Til no har Ulstein selt designteikningar til 112 X-Bow-skip over heile verda.
– Det blei mykje større enn vi hadde sett føre oss, både sjølve produktet, og kva det betydde for oss, regionen - kanskje for heile Norge for den del, seier Kamsvåg som teikna baugforma.
I foredraget understreka Kamsvåg at hovudmålet deira var å få produktet ut i verda. Ulstein-konsernet har samtidig satsa store summar på innovasjon og utvikling i ei årrekke.

– Artig problemstilling

Når ein skipsdesignar forsøker å få skipa til å gli lett gjennom sjøen, handlar det om økonomi, men også miljø. Det har X-Bow-løysinga hausta mange lovord for.
– Det gjeld drivstofføkonomi, men ikkje minst evna til å gjennomføre operasjonar til trass for dårleg ver. Det er fleire element som høyrer med i dette bilde, seier Kamsvåg.
I ettertid har X-Bow-en fått eit «tvillingdesign» i hekkløysninga X-Stern. Begge er nytta på serviceskip for vindkraftmarknaden, som Ulstein har levert dei siste åra.
Kamsvåg fortel om ein vindskip-kunde som meinte skipa var i overkant effektive. Skipet var selt inn på eit oppdrag som skulle vare seks månader, men jobben blei gjort på berre fire.
– Det er jo ei litt artig problemstilling, seier han.

Meir om IDC-konferansen:






Olympic-skip føre for si tid

Sjefsdesignaren legg vekt på korleis konsernet har jobba saman tverrfagleg - men også korleis dei har jobba med miljøomsyn.
– Vi har hatt mykje fokus på miljø, utan at det har vore marknadsført veldig sterkt. Det handlar om at vi alltid har utvikla teknologi som vi ser fører bra ting med seg, seier Kamsvåg.
Han trekk fram dei ti år gamle supplyskipa Olympic Zevs og Olympic Hera, som han meiner var prosjekt føre si tid - og kanskje ikkje har fått den merksemda dei fortener. Skipa kombinerer diesel-elektrisk og diesel-mekanisk framdrift, på ein måte som sparer mykje drivstoff.
– Eg vil seie at dei skipa er ein vel så stor innovasjon når det kjem til miljø. Innsparinga på drivstoff er sjokkerande stor samanlikna med tilsvarande fartøy. Eigaren har fortald at dei sparar 50-70 prosent drivstoff når dei gjer operasjonar, seier Kamsvåg.

– Vår moglegheit ligg i å skrive boka

Skipsdesignaren meiner kulturen i norsk arbeidsliv med lite hierarki, er ein viktig konkurransefordel for næringslivet. Det gjer det akseptert for tilsette å stille spørsmål ved korleis ting gjerast.
– Dei landa som gir lov til å stille spørsmål, «skriv boka», men dei som ikkje får lov, må lese den. Om boka er skreve, kan det lagast ein veldig god kopi - men eg trur vår moglegheit ligg i å skrive boka, seier han.
Om boka er skreve, kan det lagast ein veldig god kopi - men eg trur vår moglegheit ligg i å skrive boka

Publisert: 04.10.2019 05:55

Sist oppdatert: 01.06.2021 10:03