Bjarne Øverland AS er den bedrifta på Nordvestlandet som har fått mest støtte frå kompensasjonsordninga frå styresmaktene i samband med koronakrisa (sjå liste under).
Bilutleigefirmaet har hovudkontor i Molde og betydeleg verksemd både på Vigra i Ålesund og Trøndelag. Dei er også den største franchisetakaren for Hertz i Norge. Hertz i USA bad denne veka om konkursvern, men franchiseverksemda til Bjarne Øverland i Norge blir ikkje påverka av den situasjonen.
– Ordninga hjelper oss, men den klarar ikkje å kompensere for resultatsvikten koronaen fører med seg, fortel dagleg leiar Helge Lykkeslett til NETT NO.
Firmaet venta ein rekordsommar for reiselivet – og en hektisk utleigesesong til dei mange utanlandske turistane som vanlegvis kjem. I staden «datt proppen ut av marknaden», seier han.
– Vi har ein haug med faste kostnadar som kjem i samband med bilparken som årsavgifter og leasingavtalar. Det utgjer grunnlaget for at vi får høg støtte, fortel Lykkeslett.
Eit tiltak som NHO Reiseliv har gripe fatt i for å hjelpe bilutleigarane, er at dei kan få sleppe å betale tilbake moms på bilar som leverast tilbake når leasingperioden er over. Lykkeslett fortel at dette er ei stor økonomisk byrde som næringa har kjempa for å sleppe i mange år.
– Det er mange arbeidsplassar og vi har ambisjonar om å overleve dette her, men det er ingen tvil om at det blir ein tøff periode, seier han.
Dei hadde eigentleg tenkt å utvide bilparken frå dei 750 køyretøya dei har i dag – men det er ikkje lengre aktuelt. No forsøker dei redusere kostnadene på bilparken og stoppar bestillingar av nye bilar.
– Det er ei krevjande øving. Det seier seg sjølv når 50/60 prosent av omsetninga de er vekke. Også tek det litt tid å trimme ned kostnadene, legg Lykkeslett til.
I år ser det ut til at dei mesteparten av sommaren må leve på norske kundar.
Lykkeslett reknar med at mange nordmenn vil nytte eigen bil på ferie i sommar, men er spent på kor langt folk er villige til å køyre.
– Mange som reiser frå Oslo til Nord-Norge, tek fly og leiger bil der. Eg er ikkje like overtydd om at folk reiser med fly frå Oslo til Møre og Romsdal, men vi får no håpe. Ein sparar mykje tid og kan fokusere på attraksjonane her i fylket, om ein vel fly og så leigebil, avsluttar han.
Støtta skal dekke faste uunngåelege utgifter som husleige o.l. .
Bilutleigefirmaet har hovudkontor i Molde og betydeleg verksemd både på Vigra i Ålesund og Trøndelag. Dei er også den største franchisetakaren for Hertz i Norge. Hertz i USA bad denne veka om konkursvern, men franchiseverksemda til Bjarne Øverland i Norge blir ikkje påverka av den situasjonen.
Venta rekordsommar
Til saman for mars og april har bedrifta fått nær 1,6 millionar i sokalla kontantstøtte for svikt i inntektene som følgje av koronakrisa. Ingen andre er tildelt meir støtte mellom bedriftene i Møre og Romdal - eller i Nordfjord (sjå topp 10-liste under).– Ordninga hjelper oss, men den klarar ikkje å kompensere for resultatsvikten koronaen fører med seg, fortel dagleg leiar Helge Lykkeslett til NETT NO.
Firmaet venta ein rekordsommar for reiselivet – og en hektisk utleigesesong til dei mange utanlandske turistane som vanlegvis kjem. I staden «datt proppen ut av marknaden», seier han.
Les også:
Grov:
Fjordbuda Nordvest:
Svikt på kring seks millionar
I mars og april har dei hatt meir enn seks millionar lågare inntekter, enn dei same månadene i fjor. Etter 2014 har omsetninga i selskapet vore i overkant av 150 millionar årleg, med driftsresultat på mellom 5 og 14 millionar.– Vi har ein haug med faste kostnadar som kjem i samband med bilparken som årsavgifter og leasingavtalar. Det utgjer grunnlaget for at vi får høg støtte, fortel Lykkeslett.
Eit tiltak som NHO Reiseliv har gripe fatt i for å hjelpe bilutleigarane, er at dei kan få sleppe å betale tilbake moms på bilar som leverast tilbake når leasingperioden er over. Lykkeslett fortel at dette er ei stor økonomisk byrde som næringa har kjempa for å sleppe i mange år.
– Ein tøff periode
Ved kontora på flyplassane både på Vigra, Molde, Kristiansund og Værnes er det stille dagar. Lykkeslett fortel at dei held ope, men med færre tilsette. I travle periodar har dei gjerne opptil 70 tilsette - ein del på deltid.– Det er mange arbeidsplassar og vi har ambisjonar om å overleve dette her, men det er ingen tvil om at det blir ein tøff periode, seier han.
Dei hadde eigentleg tenkt å utvide bilparken frå dei 750 køyretøya dei har i dag – men det er ikkje lengre aktuelt. No forsøker dei redusere kostnadene på bilparken og stoppar bestillingar av nye bilar.
– Det er ei krevjande øving. Det seier seg sjølv når 50/60 prosent av omsetninga de er vekke. Også tek det litt tid å trimme ned kostnadene, legg Lykkeslett til.
Spent på norske marknaden
Den daglege leiaren fortel at ein stor del av omsetninga til vanleg kjem i løpet av nokre hektiske månader frå mai til september. Og mange av dei er til vanleg flyreisande frå utlandet.I år ser det ut til at dei mesteparten av sommaren må leve på norske kundar.
Lykkeslett reknar med at mange nordmenn vil nytte eigen bil på ferie i sommar, men er spent på kor langt folk er villige til å køyre.
– Mange som reiser frå Oslo til Nord-Norge, tek fly og leiger bil der. Eg er ikkje like overtydd om at folk reiser med fly frå Oslo til Møre og Romsdal, men vi får no håpe. Ein sparar mykje tid og kan fokusere på attraksjonane her i fylket, om ein vel fly og så leigebil, avsluttar han.
Les også:
Bedrifter tildelt mest kontantstøtte i Møre og Romsdal og Nordfjord
- Bjarne Øverland AS - 1.584.009,-
- Hotelldrift Ålesund AS - 1.278.464,-
- Hotel Alexandra - 954.355,-
- Hotel Union Geiranger AS - 952.922,-
- Brunvoll - 914.427,-
- Linjebygg - 893.438,-
- Loen Skylift - 764.942,-
- Sverre Farstad & Co - 672.401,-
- Juro Caravan AS - 517.334,-
- Sprek365 Nordvest AS - 491.627,-
Støtta skal dekke faste uunngåelege utgifter som husleige o.l. .
Les også:
Ordninga hjelper oss, men den klarar ikkje å kompensere for resultatsvikten koronaen fører med seg
Publisert: 27.05.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57