Brødrene aa montasje foto kjetil øyvind skjervheim 11
HYEN: Brødrene Aa har spesialisert seg på på bygge hurtiggåande og lette båtar til passasjertrafikk. Marknaden for turistbåtar er hardt råka som følgje av koronapandemien, men verftssjef Tor Øvyind Aa håpar på fleire kontraktar her snart. Foto: Kjetil Haanes/Øyvind Skjervheim
Nytt

– Det blir vel NAV som er neste

Tilsette ved Brødrene Aa-verftet fekk tung beskjed om nedbemanning. Verftssjefen håpar turistmarknaden livnar til.

Marius Rosbach
24.01.2022

Måndag kom ein tung beskjed for dei tilsette hos båtbyggarane til Brødrene Aa i Hyen og Eikefjord. Opptil 35 av 180 tilsette misser jobbane sine grunna manglande oppdrag.

Møter med alle som er råka
Jon Vidar Storsletten er tillitsvalgt for kring 50 medlemmar i Fellesforbundet på Hyen-verftet. Han fortel at klubben har hatt allmøte med alle tilsette og handtert varsel til dei som er råka.

– Korleis ser du på moglegheitene til at desse finner seg nye jobbar?

– Det er vel ikkje det heilt store i båtbransjen. Dei som må gå har nok også fleire kvalifikasjonar, men det er vel NAV som er neste for dei fleste, fortel Storsletten til NETT NO.

Er bemanna for fem båtar

Brødrene Aa har mellom anna bygd dei særmerkte sightseeingsbåtane som først vart sett i trafikk i Nærøyfjorden i Sogn. Nyleg sikra dei seg oppdrag med å bygge Brim Explorer sin nyaste sightseeingbåt – men det er ikkje nok til å fylle opp ordreboka.

Nyheita om nedbemanninga kom ikkje som nokon overasking, og Storsletten fortel at dei tilsette har vore orientert undervegs.

– Vi er blitt førespeila at det kunne bli slik om vi ikkje fekk nye kontraktar. Vi er bemanna for å produsere fem båtar i året, og då blir det lite med tre, fortel han.

Mange sit framleis på gjerde
I eit vanleg år utgjer turistmarknaden omlag halvparten av ordreinngangen. Det er ein marknad som er blitt hardt råka, ettersom reiselivet globalt er sett på hald.

Klubbleiaren fortel at verftet har vore nære ved fleire oppdrag, men den siste smitteoppblomstringa gjer at aktiviteten i marknaden framleis er svak.

– Dei fleste som skal bestille båtar sit framleis på gjerde, seier Storsletten.

Verftssjefen har trua – på litt sikt
Pandemien har også råka Brødrene Aa ved at det har gitt nedgang på eit kinesisk verft dei er medeigar i.

Sjølv om det naturleg nok er leit å måtte seie opp tilsette, er administrerande direktør Tor Øyvin Aa alt i alt nøgd med korleis dei har klarte å kome seg gjennom krisa, sjølv om omsetninga har vore for lav.

– Vi har klart å halde bra med aktivitet fordi vi hadde bra med ordrar då vi gjekk inn i pandemien. På litt sikt har eg også trua. Turistmarknaden som har vore døydt i to år, startar å livne til og vi håpar på fleire kontraktar framover, fortel Aa.

Publisert: 24.01.2022 15:42

Sist oppdatert: 25.01.2022 14:36

Mer om