- Eg likar eigentleg at det er litt spenning rundt sildefisket, men i år er det berre å gå ut og ause om bord så mykje du vil. Det er enorme mengder med sild, seier skipper og reiar Kjell-Rune Nekkøy på "Albacore" frå øya Nekkøy utanfor Florø.
Båten leverte måndag 120 tonn med norsk vårgytande sild ved Fosnavaag Pelagic sitt anlegg i Fosnavåg. Sidan dei tok til med sildefisket 4. februar, har dei på fem dagar tatt 500 tonn av den samla båtkvoten på 800 tonn.
- Vi burde ha fiska mykje meir norsk vårgytande sild. Det hadde vore rett i forhold til bestanden, men det hadde også vore viktig for mottaksanlegga i land og for å byggje opp den norske eksportmarknaden av denne silda.
- Det er forferdeleg frustrerande å sjå så mykje sild utan å få lov til å fiske meir.
Nekkøy meiner at han sjølv har gått gjennom sildestimar som tilsvarar den totale norske kvoten. Enorme mengder vart det også sett innanfor Svinøya måndag morgon, der siste fangsten vart tatt.
Han viser til at forskarane meiner at den totale kvoten av norsk vårgytande sild er på fem millionar tonn.
- Tek du eit tankskip på 330 meter i lengde, 65 meter i breidde og med 20 meter djupe tankar, trengst det 16 slike supertankarar for å romme totalt fem millionar tonn sild.
- Men faktum er at eg sjølv har gått samanhengande i ti nautiske mil gjennom sildestimar som har vore like breie, like djupe og så tette at ekkoloddet ikkje har slått gjennom.
- Berre dette enkle eksemplet bør tydeleg illustrere at forskarane er fullstendig på villspor. Det heng rett og slett ikkje på greip.
Nekkøy seier at han kan dokumentere dette overfor forskarane om dei vil.
- Og det kan mange andre. Det er no stor frustrasjon mellom sildefiskarane av at vi får ta så lite av den silda vi ser. Og betre vert det ikkje av at dette skjer samstundes som at færingane og islendarane berre peiser på.
- Mange av båtane har tatt mykje av kvoten nordpå, og dei fleste andre gjer seg fort ferdig. Om ei vekes tid kan det vere over.
I følgje Norges Sildesalslag har gjennomsnittsprisen på silda hittil vore vore 5,03 kroner kiloen, med 5,30 kroner som topp. Det vert også meldt om mykje sild, men få båtar på grunn av lav kvote og at mange alt har fiska kvoten.
Totalt hare norske fiskefartøy i år lov å fiske 276.221 tonn norsk vårgytande sild, inkludert gjenståande kvote frå i fjor.
Båten leverte måndag 120 tonn med norsk vårgytande sild ved Fosnavaag Pelagic sitt anlegg i Fosnavåg. Sidan dei tok til med sildefisket 4. februar, har dei på fem dagar tatt 500 tonn av den samla båtkvoten på 800 tonn.
- Vi burde ha fiska mykje meir norsk vårgytande sild. Det hadde vore rett i forhold til bestanden, men det hadde også vore viktig for mottaksanlegga i land og for å byggje opp den norske eksportmarknaden av denne silda.
- Det er forferdeleg frustrerande å sjå så mykje sild utan å få lov til å fiske meir.
Enorme mengder
Den førebelse kvoten av norsk vårgytande sild er sett til vel 254.000 tonn, medan ein i toppåret 2009 kunne fiske ein million tonn.Nekkøy meiner at han sjølv har gått gjennom sildestimar som tilsvarar den totale norske kvoten. Enorme mengder vart det også sett innanfor Svinøya måndag morgon, der siste fangsten vart tatt.
Eit eksempel
Nekkøy har lenge tenkt på korleis fiskarane skal klare å forklare for forskarar og meningmann kor mykje sild dei faktisk ser.Han viser til at forskarane meiner at den totale kvoten av norsk vårgytande sild er på fem millionar tonn.
- Tek du eit tankskip på 330 meter i lengde, 65 meter i breidde og med 20 meter djupe tankar, trengst det 16 slike supertankarar for å romme totalt fem millionar tonn sild.
På villspor
Han viser til at dersom ein legg desse supertankarane på rad etter kvarandre, vil dei rekkje 2,9 nautiske mil.- Men faktum er at eg sjølv har gått samanhengande i ti nautiske mil gjennom sildestimar som har vore like breie, like djupe og så tette at ekkoloddet ikkje har slått gjennom.
- Berre dette enkle eksemplet bør tydeleg illustrere at forskarane er fullstendig på villspor. Det heng rett og slett ikkje på greip.
Nekkøy seier at han kan dokumentere dette overfor forskarane om dei vil.
- Og det kan mange andre. Det er no stor frustrasjon mellom sildefiskarane av at vi får ta så lite av den silda vi ser. Og betre vert det ikkje av at dette skjer samstundes som at færingane og islendarane berre peiser på.
Fort over
Nekkøy meiner at sildefisket utanfor Sunnmøre er fort over i år.- Mange av båtane har tatt mykje av kvoten nordpå, og dei fleste andre gjer seg fort ferdig. Om ei vekes tid kan det vere over.
I følgje Norges Sildesalslag har gjennomsnittsprisen på silda hittil vore vore 5,03 kroner kiloen, med 5,30 kroner som topp. Det vert også meldt om mykje sild, men få båtar på grunn av lav kvote og at mange alt har fiska kvoten.
Totalt hare norske fiskefartøy i år lov å fiske 276.221 tonn norsk vårgytande sild, inkludert gjenståande kvote frå i fjor.
Det heng rett og slett ikkje på greip
Publisert: 10.02.2014 11:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31