Det er naar det er moerkast at det er lettast aa oppdage lysglimt
ÅLESUND: Bedriftsrådgivar Leif Magne Klubbenes meiner at bedriftene på Nordvestlandet bør vere betre skikka enn mange andre til å snu seg rundt, tenke alternativt og finne nye løysingar.
Nytt

- Det er når det er mørkast at det er lettast å oppdage lysglimt

Bedriftsrådgivar Leif Magne Klubbenes åtvarar mot pessimismen, og ser positive mulegheiter i ein krevjande kvardag.

18.04.2020
Oljeprisfall, reiselivsstopp, handelssvikt, massepermitteringar og stadig fleire bedriftsleiarar som fryktar konkurs.
Det er ikkje vanskeleg å finne negative spådomar om framtida for næringslivet i nordvest som følgje av koronakrisa. Leif Magne Klubbenes i Segel, som er leiar for strategi og forretningsutvikling, ser derimot også mange mulegheiter.
- Koronakrisa, som andre kriser, tvinger oss til å tenke nytt. Når det meste går bra, kan det vere at ein går på litt på «autopilot» og kan til dømes dra på oss litt kostbare uvanar. Vi tenker då kanskje ikkje like mykje på forbetring og nyskaping.
- Når vi blir utfordra, slik som no, er det litt greitt å tenke på at det når det er mørkast at det er lettast å oppdage lysglimt. Men då må ein aktivt sjå etter dei og gjere noko med det, seier Klubbenes.

Haldningar og prosessar

Han seier at mange av utfordringene og rammevilkåra kan vi ikkje gjere noko med. Det ein derimot kan gjera noko med, er haldningar, å setje i gang prosessar, og bruke verktøy for å freiste å snu utfordringar til mulegheiter.
- Dette skaper ikkje berre nye idear, men kan også vere godt for lagånd og moral.
Klubbenes seier at han har sett at ein med relativt enkle prosessar og metodar for «styrt kreativitet», saman med dyktige medarbeiarar, har snudd fokus og gjennom dette skapt mykje spennande både på kort og lang sikt.
- Dette krev sjølvsagt engasjement og endringsvilje sett i eit visst system.

Brei erfaring

Klubbenes er tett på næringslivet. Han er også styreleiar i ei rekkje selskap som har lukkast bra, som til dømes Hotel Aak på Åndalsnes, Langlo på Stranda, Geiranger Fjordservice i Geiranger, Rempro i Liabygda og Myrna i Valldal.
Han har bakgrunn mellom anna som gründer av West Soft, fagsjef i Triangel og marknads-/viseadm. direktør i Tingstad, og var i ti år partner, fagsjef og seniorrådgivar i Sintef Bedriftsutvikling.
Han har leia mange verksemder gjennom snuporasjonar både som leiar og rådgjevar.

Godt skikka

Klubbenes har tru på at mange bedrifter på Nordvestlandet kan snu negative framtidsutsikter til positiv verdiskaping.
- Denne regionen bør vere betre skikka enn mange andre til å snu seg rundt, tenke alternativt og finne nye løysingar i ein slik situasjon.
- Det har ein har klart før, og det er ingen grunn til at mange ikkje skal klare det på nytt.

Spår tøffe tak

Han er imponert over bedriftskulturen i mange organisasjonar, og meiner at i tillegg den flate strukturen i dei fleste bedriftene er ein styrke i ein slik situasjon og der tilsette og leiing har gjerne identiske mål for bedrifta.
Men Klubbenes seier at det vert tøffe tak mange stader.
- Det er svært dramatisk og vanskelege tider for svært mange, både bedrifter og enkeltpersonar. Det er naivt og nesten provoserande å seie noko anna.
- Ein vert pressa til å tenke nytt. Det er ikkje andre val slik verda i dag ser ut.

- For stort fokus på masseturisme

Som styreleiar i Hotel Aak og i Geiranger Fjordservice er han tett på reiselivsnæringa, ei næring som no slit tungt, og der heile 2020-sesongen fort kan ryke.
Klubbenes seier likevel at dette er ei næring der det kan kome noko godt ut av om ein overlever.
- Ja, kanskje har vi i for lang tid hatt for stort fokus på masseturisme.
- Kanskje er tida no inne til å satse meir på dei eksklusive opplevingane og i staden for masseturisme - ha færre turistar der kvar enkelt brukar meir tid og legg att meir pengar.

Åtvarar mot pessimisme

Han har også tru på dei eksportretta næringane.
- Her i nordvest har vi alltid hatt ansiktet vendt mot resten av verda, og det må vi halde fram med.
Klubbenes åtvarar mot at pessimismen skal ta overhand.
- Mange slit i dag, og er urolege for framtida, og med god grunn, men i ein slik situasjon er det viktig å vere løysingsorientert og tenke alternativt.
- Forhistoria viser at dei selskapa som vart etablerte i ein lavkonjunktur gjerne er meir levedyktige enn dei selskapa som vart etablerte på toppen av ein økonomisk høgkonjunktur.
- Ein krisesituasjon er også ei stor mulegheit, samtidig er det viktig at ein må balansere realisme og optimisme, seier han.
Forhistoria viser at dei selskapa som vart etablerte i ein lavjkonjunktur gjerne er meir levedyktige enn dei selskapa som vart etablerte på toppen av ein økonomisk høgkonjunktur

Publisert: 18.04.2020 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56