20230505 134725
OPTIMISME: Dei er sikre i sak om at årets sommarsesong i spotmarknaden i Nordsjøen vert den beste på minst ti år. Frå venstre Henrik Andersen Kuosmanen, Madeleine Røstad og Gøran Røstad. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Det vert den beste sommarsesongen på ti år

Hardt pressa offshorereiarar kan sjå lyst på sommarsesongen.

08.05.2023

Dagleg leiar Gøran Røstad ved skipsmeklarselskapet Simpson Spence Young i Kristiansand er sikker i si sak.

- Vi må tilbake til sommarsesongane i 2010-2012 for å finne noko liknande. 100 prosent sikkert, seier han.

Han merkar optimismen blant offshorereiarane.

- Ja, det er tydeleg. Eg deltok blant anna på konferansen Marine operasjonar i praksis i Ålesund i april.

- Der var 200 deltakarar, og ei fantastisk stemning.

Gode marginar
Røstad forventar gjennomsnittlege spotrater for PSV-ar i Nordsjøen i sommar på rundt 300.000 kroner dagen. Operasjonskostnad for ein PSV ligg normalt på 70.000 – 90.000 kroner dagen. I tillegg kjem kapitalkostnader, men uansett vert marginen god.

For ankerhandlarar forventar ein rater på vel ein million kroner dagen, med hopp opp til rundt to millionar. Her ligg operasjonskostnadene på 100.000 – 140.000 kroner dagen.

- Det vert stramt både for PSV-ar og ankerhandlarar, og det positive er at det ser ut som at sommarsesongen vil vare lenger enn i fjor.

Equinor har sikra seg
Skipsmeklar Henrik Andersen Kuosmanen ved Kristiansand-selskapet seier at det i dag berre er tre-fire tilgjengelege PSV-ar i spoten på norsk side av Nordsjøen etter at Equinor har støvsugd marknaden med ei rekke kontraktar på opptil tre år.

I tillegg er arbeidet med å taue ut dei siste fire turbinane til Hywind Tampen i gang, og nye større prosjekt står for tur.

- Det har vore så få båtar tilgjengelege at ein har bode fram båtar med kypriotiske og andre utanlandske flagg, utan at det hittil har vorte gjort slutningar av desse.

Oljeselskapa er spesielt på jakt etter PSV-ar som har grøne løysingar som batteripakkar.

- Fokuset på grøne skip vert stadig sterkare, men akkurat no er marknaden så stram at det er vanskeleg å få skipa ein vil ha.

Følgjer etter riggane
Også for ankerhandlarar ser Andersen Kuosmanen ein stram marknad med høge rater, men her er ikkje fokuset på batteri og andre grøne løysingar så sterkt ettersom ankerhandlarane er avhengige av å ha stor trekkraft.

Fleire båtar har også fulgt etter riggane etter at dei har flytta ut av Nordsjøen.

- Der er norske båtar utanfor Angola, Namibia og Elfenbeinskysten, noko som gjer at marknaden vert ekstra stram i Nordsjøen.

Skal tilsetje fleire
Simpson Spence Young i Kristiansand heitte tidlegare Westshore, men vart kjøpt opp tidlegare i år.

Gøran Røstad meiner at dette er ei styrke.

- Simpson Spence Young er verdas nest største skipsmeklarselskap med 450 tilsette i 23 land. Det har historie tilbake til 1880-talet, og for oss er det viktig at ein har eiga analyseavdeling, eiga IT-avdeling og tilfører oss mykje kunnskap.

- Men vi skal drive som før med fokus på offshore, men vi skal vekse og jaktar no nye tilsette, seier Røstad.

Havila Crusader Ulstein verft foto Marius 22
TILBAKE SOM PSV: Tidlegare Havila Crusader vart seld og skulle byggast om til yacht. Det vart det ikkje noko av, og båten skal tilbake i spoten som forsyningsskip, og med namnet Rem Crusader, her i dokka ved Ulstein Verft.. Foto: Marius Rosbach

Hentar tilbake skip
Fleire PSV-ar som var tatt ut av marknaden for ombygging eller resirkulering, er no på veg tilbake, skriv Seabrokers i sin månadsrapport.

Blant anna gjeld det Hydro Patriot, som tidlegare heitte Island Spirit. Båten er ombygd til avlusingsfartøy for oppdrett.

Det tidlegare Havila Shipping-skipet Havila Crusader skulle byggjast om til yacht. No vert dette ikkje noko av, og 'nye' Rem Crusader vil snart vere tilbake som ein PSV under management og delvis eigarskap av Remøy Shipping. Rem Crusader vil vere tilgjengeleg i Nordsjøen frå juni.

Publisert: 08.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.05.2023 01:24

Mer om