Reknar på nybygg hos fleire lokale verft
Optimisme i havvind og offshore mellom drivarane for det analytikar trur kan bli ei bølgje for skipsbygging.
Den eine etter den andre kom på scena under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik, for å fortelje om optimisme kring havvind og konvensjonell offshore.
De beste nyheitene kom kanskje divisjonsleiar Vegard Vollsæter i skipsmeklarselskapet Clarksons Offshore & Renewables med.
Han tok i første rekke føre seg utsiktene i marknaden for skip til offshore og havvind – men meiner det kan kome ei bølgje med nybygg i fleire segment.
Les også
Vollsæter er vaksen opp på Hareid og meiner det no er større grunn til optimisme i den maritime industrien lokalt.
– Det er konkrete prosjekt som blir rekna på både ved Ulstein, Vard og Myklebust. For to år sidan såg dei kanskje berre på fiskeri og vind. No vurderer dei nybygg i fleire segment som olje og gass, akvakultur og litt forvarsmarknaden, fortel Vollsæther til NETT NO.
Høgare rater for offshore og havvind
Sjølv for ankerhandteringsskip og forsyningsskip, som har opplevd ordretørke i ei årrekke, er det no aktuelt med nybygg.
– Alle skipa på havet er blitt ti år eldre, og i tillegg er det vesentleg meir fokus på drivstofforbruk. Det er også ein drivar til å bygge nytt - og gjeld alle segment, legg han til.
Samansmelting av marknadene for skip til havvind og offshore, bidreg samtidig til å presse ratane oppover for begge segmenta.
– Desse flytande turbinane må bli forankra på same måte som ein borerigg, og du kan bruke dei same skipa med nokre modifikasjonar. Det gjer at ein del offshoreskip blir meir attraktive att.
Mange har tapt pengar så langt
I eit intervju med NETT NO før konferansen, forklara Raudt-politikar Aina Hauge kvifor ho er motstandar av å bygge ut havvind på norskekysten – mellom anna grunna kostnadene.
Og sjølv om optimismen er stor til fordel for havvind, er det fleire som stiller spørsmål ved lønnsemda.
Vollsæter peiker på at både turbinprodusentane og dei som har installert turbinane har tapt pengar, medan utviklarar som Equnior heller ikkje har tent stort så langt.
– Men eg trur at utstyrsleverandørane og forhåpentleg verfta som har tapt pengar i mange år, no ser det ut til å kunne tene pengar att, seier han.
Finansiering av nybygg framleis vanskeleg
Generell kostnadsauke gjer det samtidig dyrare å bygg nytt. Det gjer at finansiering av nybygg framleis er mellom dei store utfordringane.
Clarkson-leiaren opplever at bankane gjerne vil finansiere prosjekt med ein tydeleg grøn profil – men kvir seg meir for å gå inn i offshore.
– Etter at bankar som DNB og Nordea har trekt seg meir ut frå regionen, ser vi at det no er dei lokale bankane som tek jobben med å løfte slike prosjekt, seier Vollsæther.
Allereie milliardinntekter for Kongsberg
Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan snakka óg varmt om havvindmarknaden.
– Det er ingen tvil om at det ligg enorme moglegheiter, sa ho og kunne fortelje at selskapet omsette for kring 1,8 milliardar kroner frå havvind allereie i fjor.
Men også Haugan peika på utfordringane med høge kostnader – og meiner bransjen må jobbe saman for å få ned utgiftene.
Sals- og marknadssjef Svein Ove Haugen i Ålesund-selskapet Uptime hadde også tru på havvindmarknaden og kunne fortelje at selskapet no hadde ei solid ordrebok på kring ein milliard.
I løpet av dei neste vekene såg han mellom anna fram til å levere den første av ein ny type gangveg til Island Offshore, som skal nyttast til å flytte personell frå skip til turbinar ute på felta.
– Kan ikkje subisidere oss inn i evigheita
Kommunikasjonssjef Tony Christian Tiller i Equinor kunne fortelje at selskapet budde seg til å søke om konsesjon på fleire av områda som no er lyst ut til havvind. Og han hadde oppfatta at det var stor interesse frå internasjonale aktørar om å vere med.
Også han tok opp kostnadene med havvind som ei utfordring og erkjente at det var vanskelg å sjå korleis det skulle bli lønnsamt.
– Slik det er no, så er det ingen som tener pengar, og vi kan ikkje subisidere oss inn i evigheita, la Tiller til.
Samtidig peika kommunikasjonssjefen på at selskapet til eksempel klarte å redusere utgiftene med 40 prosent frå utbygginga ved den første havvindparken dei var med på, Hywind Tampen, til den neste.
– Det er ei enorm entusiasme kring havvind og det blir teikna eit bilde av noko som kan bli ganske stort – men det treng ikkje bli det, sa kommunikasjonssjefen.
Fasiten i fjor var at det ikkje vart gjort ei einaste investeringsbeslutning globalt om nye offshore vindparkar.
Publisert: 05.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 05.05.2023 00:09