Skjermbilde 2023 04 04 064137
SPOT: 12 år gamle Rem Mist ligg i Bergen og ventar på nye oppdrag. Seabrokers spår ratehopp for PSV-ar. Foto: Ulstein
Nytt

Trur på ratehopp for forsyningsskip

Ratene for ankerhandlarar har vore gode, medan PSV-ane har fått dårleg betalt. Det trur Seabrokers snart det vert slutt på.

04.04.2023

Skipsmeklaren viser til at spotmarknaden for PSV-ane har vore labert i første kvartal, der ratene har vore godt under fjoråret. På britisk sektor har det vore spotrater ned til 30.000 kroner dagen, og rater ned til 45.000 kroner I norsk sektor. Det er dårleg butikk for offshoreselskapa.

For ankerhandlarar har situasjonen vore den motsette, med fleire slutningar over ein million kroner dagen når det har vore smått med tilgjengelege båtar.

No spår Seabrokers at ratene for PSV-ar vil auke fram mot sommarsesongen. I månadsmagasinet Seabreeze viser skipsmeklaren til at ei rekkje PSV-ar snart vil forlate spotmarknaden og starte på faste kontraktar.

Oppgangen kan allereie vere i gang, med ferske spotrater opp 175.000 kroner dagen på britisk side, og fleire slutningar mellom 195.000 og 225.000 kroner på norsk side.

Har 199 PSV-ar
Den store nyheita er uansett at Tidewater tek over heile PSV-flåten på totalt 37 skip frå Solstad Offshore. Etter oppkjøpet vil Tidewater operere totalt 228 offshoreskip, inkludert 199 PSV-ar.

Med på kjøpet til 577 millionar US dollar følgjer ein ordrereserve på 620 millionar US dollar. Alle dei 37 Solstad-skipa er i arbeid, flest i Nordsjøen.

Ifølgje skipsmeklaren Simpson Spence Young er det no elleve PSV-ar ledige for spotoppdrag samla på norsk og britisk sektor, i tillegg til åtte ankerhandlarar.

Publisert: 04.04.2023 08:46

Sist oppdatert: 04.04.2023 11:14

Mer om