- Dette er eit fantastisk skip bygd av fantastisk dyktige folk, seier Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft, i ei pressemelding etter at Roald Amundsen, det første ekspedisjonscruiseskipet til Hurtigruten, er overlevert.
Roald Amundsen skal starte på ein litt amputert jomfrutur frå Tromsø 3. juli.
Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av same størrelse.
I tillegg er skipet utstyrt med isforsterka skrog, og har fleire nyvinningar for å oppnå eit mest mogeleg miljøvenleg fotavtrykk.
- Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette. Å levere eit så komplisert produkt i ein krevjande periode, og at vi samstundes med dette også har levert ein serie ankerhandterarar til Maersk, er noko alle som har bidratt til kan vere veldig stolte av.
- Med interiøret, teknologien og det heilt unike designen, er Roald Amundsen det ypparste som nokon gong er levert frå eit norsk verft, seier Olav Nakken.
Nakken seier i pressemeldinga at for Kleven har det vore viktig å levere eit skip av høgste kvalitet.
- Vi har opparbeida oss ei unik kompetanse her på verftet gjennom dette prosjektet, noko som set oss i ein heilt ny posisjon når det kjem til bygging av passasjerskip, seier Nakken.
Han meiner at at det er fleire som har god grunn til å vere stolte over denne jobben:
- Leverandørane saman med tilsette på verftet og Hurtigruten, har alle teke del i å bygge verdas fyrste hybriddrevne ekspedisjonsskip, eit skip ulikt noko anna som nokon sinne er levert frå eit norsk verft.
- Dette er eitt av dei. Roald Amundsen er ikkje berre det mest avanserte ekspedisjonsskipet i verda, men ho er også eit premium cruiseskip med ei rekke grensesprengande løysingar.
- Vi er utruleg stolte av skipet, som er eit resultat av en storstilt laginnsats hos alle på Kleven verft og underleverandørene våre.
- Å vere kaptein på eit heilt nytt skip og få segle henne frå verftet er alltid ei ære.
- Eg er svært imponert over skipet, teknologien og korleis ho oppfører seg i sjøen. Nå gler vi oss skikkeleg til å få dei første gjestane om bord og, seier han i pressemeldinga.
Om bord i det 140 meter lange skipet finn ein blant anna Amundsen Science Center, store innan- og utendørs observasjonsdekk, fleire basseng, panorama-badstu, treningssenter, tre restauranter, barar, Explorer Lounge og i tillegg suiter med private utandørs boblebad.
Roald Amundsen skal starte på ein litt amputert jomfrutur frå Tromsø 3. juli.
Verdas første
Ekspedisjonsskipet er verdas første hybriddrevne cruiseskip, og har plass til omlag 500 gjestar.Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av same størrelse.
I tillegg er skipet utstyrt med isforsterka skrog, og har fleire nyvinningar for å oppnå eit mest mogeleg miljøvenleg fotavtrykk.
- Utruleg imponert
I pressemeldinga vert det vist til at Roald Amundsen er verdas første på fleire område, og har vore ei god utfordring for skipsbyggarane.- Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette. Å levere eit så komplisert produkt i ein krevjande periode, og at vi samstundes med dette også har levert ein serie ankerhandterarar til Maersk, er noko alle som har bidratt til kan vere veldig stolte av.
- Med interiøret, teknologien og det heilt unike designen, er Roald Amundsen det ypparste som nokon gong er levert frå eit norsk verft, seier Olav Nakken.
Seint og dyrt
Overleveringa av Roald Amundsen har vorte utsett fleire gongar, og skipet har vore mykje dyrare enn først planlagt. Truleg ligg endeleg byggjesum på rundt 1,8 milliardar kroner.Nakken seier i pressemeldinga at for Kleven har det vore viktig å levere eit skip av høgste kvalitet.
- Vi har opparbeida oss ei unik kompetanse her på verftet gjennom dette prosjektet, noko som set oss i ein heilt ny posisjon når det kjem til bygging av passasjerskip, seier Nakken.
Han meiner at at det er fleire som har god grunn til å vere stolte over denne jobben:
- Leverandørane saman med tilsette på verftet og Hurtigruten, har alle teke del i å bygge verdas fyrste hybriddrevne ekspedisjonsskip, eit skip ulikt noko anna som nokon sinne er levert frå eit norsk verft.
- Storstilt laginnsats
I ei pressemelding frå Hurtigruten seier prosjektleiar Asbjørn Vattøy ved Kleven at i verftsindustrien er det nokre prosjekt som skil seg ut.- Dette er eitt av dei. Roald Amundsen er ikkje berre det mest avanserte ekspedisjonsskipet i verda, men ho er også eit premium cruiseskip med ei rekke grensesprengande løysingar.
- Vi er utruleg stolte av skipet, som er eit resultat av en storstilt laginnsats hos alle på Kleven verft og underleverandørene våre.
- Ei ære
Det er den erfarne Hurtigruten-kapteinen Kai Albrigtsen som står til rors under Roald Amundsens jomfrutur langs norskekysten.- Å vere kaptein på eit heilt nytt skip og få segle henne frå verftet er alltid ei ære.
- Eg er svært imponert over skipet, teknologien og korleis ho oppfører seg i sjøen. Nå gler vi oss skikkeleg til å få dei første gjestane om bord og, seier han i pressemeldinga.
Om bord i det 140 meter lange skipet finn ein blant anna Amundsen Science Center, store innan- og utendørs observasjonsdekk, fleire basseng, panorama-badstu, treningssenter, tre restauranter, barar, Explorer Lounge og i tillegg suiter med private utandørs boblebad.
Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette
Publisert: 01.07.2019 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36