Ingenting veks inn i himmelen seier eit ordtak.
Det vil heller ikkje verksemda til reiarlaga som driv med skip i offshore og vindkraftindustrien gjere dei neste par åra.
Men analysesjef Erik Tønne i Clarksons ser heller ikkje noko i «spåkula» som skal tilseie anna enn at bransjen har framleis svært gode tider i sikte.
– Aktivitetsnivået, flåteutnyttinga og ratane er ganske bra, og alle drivarane peikar opp for dei fleste segmenta - ikkje minst for subsea, seier han til Nett No.
Lite som trekk i negativt retning
Torsdag var Tønne i Fosnavåg med fleire kollegaer og advokatfirmaet Selmer for å oppdatere aktørane i offshorenæringa under det som er blitt ein årleg konferanse for bransjen.
– Vi ventar litt sidelengs utvikling i aktiviteten, iallfall gjennom 2025, og ganske store deler av 2026 – og det er bra, seier han.
Han har lita tru på at ratane skal løfte seg til nye rekordnivå, så lenge det er tilgjengelege skip i marknaden.
Samtidig er det lite som dreg i negativt retning.

Trur på oljepris på 70 til 90 dollar
Analysesjefen meiner USAs president Donald Trump sjølv ikkje vil vere i stand til å rokke ved utsiktene om god business for bransjen.
– Han skaper ein geopolitisk usikkerhet og kan påvirke oljeprisen mykje, erkjenner Tønne.
Om Trump sin handelspolitikk med tollmurar og auka proteksjonisme fører til en nedtur for verdsøkonomien generelt, fryktar han at det kan føre til at oljeprisen også fell betydeleg.
Likevel trur han Opec-landa vil klare å balansere oljeprisen ein plass mellom 70 til 90 dollar.
Samtidig trur Tønne like gjerne på eit scenario der Trump går inn for å svekke regimet i Iran. Det vil truleg vil sende oljeprisen opp - om konsekvensen er at deira olje fell vekk frå den globale produksjonen.
Rekordhøg etterspurnad i subsea
Ordrebøkene for subsea-segmentet i offshore har aldri vore høgare – og held fram med å sjå sterke ut, ifølgje Clarkson-analytikarane.
– Subsea har flata litt ut, men vi trur på vidare rateoppgang her, seier Tønne.
Dei neste åra vil det kome ein rekke nye skip på marknaden, mellom anna frå Rem Offshore, Island Offshore og Olympic-reiarlaga på Nordvestlandet.
Dei fleste av desse sat i salen i Fosnavåg.
Trass i fleire nybygg ventar Tønne og kollegaene at marknaden heldt seg stram og at ratane her vil halde seg høge framover.
– Vi trur at ratane vil flate ut, og så stige litt att for både PSV-ar og ankerhandteringsskip, legg han til.
Også vindkraftindustrien gir auka etterspurnad.
Trur ikkje på bølgje med nybygg
Kollega Vegard Vollsæter som jobbar med nybygg i Clarksons fortalde at det strengt tatt kan vere behov for kring 500 PSV-ar dei neste åra globalt.
Ei av årsakene er at det knapt er bygd nye skip sidan offshoreboomen som ebba ut kring 2014.
Høgare kostnader ved å bygge nytt, vil likevel ikkje føre til at det vil kome ei bølgje med reiarar som vil bygge nye skip med det første, trur analytikarane.
– Ratane i dag forsvarer ikkje rekninga for å bygge nytt. Derfor får du heller ikkje ei bølgje med nybygg, seier Tønne.
Endring i mentaliteten
Tønne ser ei endring i mentaliteten hos aktørane i bransjen om at det «grøne skiftet» vil ta lengre tid enn tidlegare anslått.
– Også det internasjonale energibyrået har snudd og seier no at vi treng meir investeringar i olje og gass, seier han.
Petter Dyring frå Clarksons understreka at skip med spesialiserte funksjonar, som kranar og gangvegar truleg vil sjå at det opnar seg fleire marknader.
– Det er berre ein av fleire ting som borgar for ein opptur for slike skip, fortalde han til salen.
Publisert: 14.03.2025 09:40
Sist oppdatert: 14.03.2025 09:42