Green Yard Kleven skal bygge om ankerhandteringsfartøyet Oceanicasub XVII til eit fartøy som kan drive med fjernstyrte undervassrobot-operasjonar.
Kunden er det brasilianske reiarlaget Oceanica, som tidlegare har bestilt fire ombyggingoppdrag hos Green Yard Kleven.
Det fortel Green Yard Kleven i ei pressemelding. Storleiken på kontrakten i kroner er ikkje opplyst.
Oppdrag for lokale leverandørar
Skipet ble opphaveleg bygd hos dåverande Kleven Verft i 2007, og heitte då Rem Balder. Seinare kom det i Solstad Offshore sitt eige, før det vart kjøpt av Oceanica.
Designet for ombygginga blir levert av Marin Teknikk i Herøy – som også er involvert i ein rekke av dei seinaste oppdraga verftet i Ulstein har sikra seg.
Oppdraget gir arbeid til lokale leverandørar som elektroinstallatøren Volti, innreiingsfirmaet Rovde Møbel & Design og Ulmatec-konsernet, ifølgje meldinga.
Har bygd om fleire skip tidlegare
Det tidlegare Rem-skipet er det siste av ei rekke skip frå den norske offshoreflåten som får nytt liv i ein ny marknad.
Mellom anna har Green Yard-verftet gjort fire ombyggingsprosjekt tidlegare for den brasilianske reiaren Oceanica.
Mellom anna er to tidlegare forsyningsfartøy gjort om til avanserte offshorefartøy for ROV- og kranoperasjonar. Også då var skipsdesignarane i Marin Teknikk med på arbeidet.
Har sikra seg fleire oppdrag
Green Yard Kleven har bygd seg opp ei solid ordrebok i løpet av det siste halvåret.
Verftet har fleire pågåande ombyggingar, mellom anna eit geoteknisk fartøy til fornybarmarknaden for Geoquip.
I tillegg har dei sikra seg sitt første nybygg – eit offshoreskip som skal vere støttefartøy for ei ubemanna gassplattform i Svartehavet.
Publisert: 29.01.2025 15:26
Sist oppdatert: 29.01.2025 19:42