Dette er ei supersmart boeye
SMARTBØYE: Fauskebøya gir svært mykje informasjon, som vindstyrke, vindretning, bølgjehøgde, straumretning og sjøtemperaturar på ulike djupne. Det er planar om at bøya også skal måle vasskvaliteten.
Nytt

Dette er ei supersmart bøye

Fauskebøya sleit seg 15. september, men er no på plass att. Bøya gir svært mykje nyttig informasjon.

02.06.2020
Smartbøya på Fausken, nord for Breisundet, er no på plass att, opplyser Kystverket.
Denne bøya gir nyttig informasjon til sjøfarande, i tillegg til å fungere som tradisjonelt sjømerke.
I tillegg er bøya ei god mêd å bruke ved vintertorskefisket, inkludert for artikkelforfattaren.

Hamna på Skjeltene

Den gamle bøya vart bytta ut med smartbøya i oktober 2018. Den nye bøya hadde semsorar for å måle meteorologiske data.
Men 15. september i fjor sleit bøya seg. Ho dreiv til slitt opp i fjøra på Skjeltene, på austsida av Lepsøyrevet.
Kystverket opplyser at sjølv om bøya vart berga, har det ikkje vore muleg å setje bøya på pass att før no.

Utsett av vêr og virus

Det blir vist til at måtte takast ein styrketest hos leverandøren, i tillegg til at det har vore mykje dårleg vêr i vinter. Kystverket viser også til at covid-19-situasjonen har ført til at det har tatt ekstra lang tid.
Men 19. mai fekk Kystverket hjelp frå mannskapet på «Frøy Harvest», og bøya kom endeleg på plass igjen.
Ved hjelp av ROV (ubemanna undervassubåt) vart det sikra at loddet til bøya lå på same posisjon som den forrige.

Gir mykje informasjon

Fauskebøya oppdaterer vêrdata kvar heile og halve time. Kystverket opplyser at bøya blant anna registrerer vindretning, vindstyrke (signifikant og maks), bølgehøgde (signifikant og maks), bølgeperiode, straumstyrke ved fem, 15 og 25 meters djupne, straumretning ved fem, 15 og 25 meters djupne og sjøtemperatur.
Det er også muleg å hente ut historikken for vêrdata ei veke tilbake, noko som kan vere nyttig ved eventuelle redningsoperasjonar.
Senter for farled, fyr og merke i Kystverket har som mål å gjere ytterlegere data frå bøya tilgjengelege for sjøfarande og andre interessentar. Dei jobbar saman med Kystverkets Senter for los/VTS og BarentsWatch for å få til dette.

Kan verte fleire smartbøyer

Det blir opplyst at målet er at sjøfarande også skal kunne hente informasjonen frå bøya rett inne på sitt navigasjonsutstyr, og ikkje måtte logge på PC eller ein app via mobiltelefon.
Kystverket opplyser at ein også ønsker å montere på sensorar som kan registrere vasskvalitet og annan viktig informasjon om miljøet i havet. Dette kan vere av interesse for aktørar som oppdrettsnæringa, NVE, marinbiologar og ulike forskingsmiljø.
Det kan verte plasserte fleire slike bøyer langs kysten. Kystverket har fått ei ønskeliste frå Meteorologisk Institutt med ønske om stader der lysbøyer kan bli erstattast med denne typen smartbøyer.

Publisert: 02.06.2020 18:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57