Gunnar Haagensen Jangaard e Richard Stenning Guinness 1
LISBOA: Gunnar Haagensen frå Jangaard og Richard Stenning frå Guiness med rekordklippfisken. Foto: Sjømatrådet
Nytt

Dette er verdas største klippfisk

Klippfisk frå Ålesund inn i Guinnes rekordbok. Gir rundt 90 måltid til heimlause og trengande.

11.02.2022

Vekt: 10,3 kilo
Høgde: 113 cm
Vidde: 70 cm

Dette er dei vitale måla på det som no er kåra til verdas største klippfisk.

Kåringa skjedde 9. februar i Lisboa, og målinga var det representanten Richard Stenning frå Guinness world record som stod for.

Jangaard Export
Klippfisken kjem frå Jangaard Export i Ålesund, og på plass var også styreleiar Gunnar Haagensen frå Jangaard saman med Johnny Thomassen frå Sjømatrådet.

Kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Øvreberg seier at klippfisken vart godkjend då den i tillegg var innanfor grensene for vassinnhald på maksimalt 47 prosent, og saltinnhald på maksimalt 16 prosent.

- Klippfisk fra Ålesund er ekstremt populært, for portugisarar ser på den som sin nasjonalrett. Dei lagar for eksempel store klippfiskjuletre i butikkane i desember, seier Øvreberg.

Klippfisk 2
REKORD: Her vert rekordklippfisken målt av Richard Stenning frå Guiness. Foto: Sjømatrådet

Mest frå Sunnmøre
Klippfisken kan også konkurrere med nasjonalidretten fotball.

- Då Portugal tok VM-gull i fotball i Frankrike, bytta dei ut Eiffeltårnet med ein kjempestor klippfisk på eit bilde over Paris.

Rundt 70 prosent av klippfisken i Portugal kjem frå Norge. Det aller meste frå Ellingsøya og Ålesund.

Tal frå Sjømatrådet viser at portugisarar et 70.000 tonn torsk per år, og det tilsvarar 20 prosent av all torsken som blir fangsta.

No har Ålesund også verdsrekorden.

Veldedig formål
Fisken som sette rekorden skal brukast til eit veldedig formål i regi av den veldedige organisasjonen Communidade Vida a Paz, ein organisasjon som skal lage eit godt bacalaomåltid til heimlause og andre trengande.

Med 150 gram per person, skulle det verte rundt 90 bacalaomåltid av rekordfisken.

Publisert: 11.02.2022 16:57

Sist oppdatert: 11.02.2022 17:24

Mer om