Klippfisk Portugal innfelt gunnar haagensen foto Norges Sjømatråd Ogne 11
KLIPPFISK: Jangaard Export er store på eksport av klippfisk, blant anna til Portugal som her på bildet, men 2020 vart eit resultatmessig svakt år for Ålesund-konsernet og styreleiar Gunnar Haagensen. Foto: Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug
Nytt

Selde fisk for 1,5 milliardar

Jangaard Export merkar koronautfordringar, og reduserte innteninga.

02.08.2021

Trass i at Jangaard Export i 2020 selde fisk for over 1,5 milliardar kroner, sat konsernet att med berre 4,8 millionar kroner i resultat før skatt.

Dette går fram av årsrekneskapet, som no er klart (sjå tabell under).

I 2019 var omsetninga vel 1,6 milliardar, og resultat før skatt 30,5 millionar.

Jangaard Export
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1521 1627
Driftsresultat 15,9 51,2
Resultat før skatt 4,8 30,5

West-Norway
I konserntala for Jangaard Export inngår no også tala for selskapet West-Norway, som Jangaard Export kjøpte 63 prosent av i 2019.

Oppkjøpet har ført til ein kraftig auke i omsetninga for Jangaard-konsernet ettersom West-Norway i 2019 selde fisk for 731 millionar kroner.

Ved oppkjøpet av West-Norway vart det sagt at Jangaard Export ville få betre tilgang til den brasilianske marknaden, medan West-Norway ville få betre tilgang til Brasil.

I 2020 hadde derimot West-Norway eit resultat på minus 8,3 millionar kroner.

Store på klippfisk
Konsernet er av dei leiande i eksport av klippfisk, men ein produserer også saltfisk og ferskfisk.

I 2020 vart det seld for 60 millionar kroner til norske kundar, medan det vart seld fisk for 940 millionar kroner til europeiske kundar utanom Norge.

Jangaard Export har hovudkontoret i Ålesund, men har eigne anlegg i Vestvågøy, Averøy, Vågan, Andøy og Røst, i tillegg til Ålesund.

29 prosent kvinner
Selskapet eig også 60 prosent av eit spansk selskap, samt 50 prosent av selskapet North Export i Gjesvær.

I morselskapet arbeidde det ved årsskiftet 93 årsverk, der 29 prosent var kvinner.

I konsernet er det derimot 139 årsverk.

Det totale sjukefråveret i 2020 var på tre prosent.

Eigenkapitalen er på solide 299,8 millionar kroner, medan den langsiktige gjelda er på 254,1 millionar.

Konsernet er eigd av Gunnar og Leif Haagensen.

Publisert: 02.08.2021 08:02

Sist oppdatert: 02.08.2021 09:33

Mer om