Stigande oljepris og høgare drivstoffprisar gir store utslag for transportselskapet Veøy, og pressar ein bransje med allereie små marginar.
– Dette slår knallhardt inn, som for mange andre. Og det gir veldig store konsekvensar, seier konsernsjef Lars Elling Bjåstad i Veøy til Nett No.
Drivstoff er ein av dei største kostnadene for Veøy-konsernet.
– Å drive vidare med dei vilkåra som har vore i det siste, er ikkje mogleg. Drivstoff utgjer ein så stor del av kostnadsbilde at det ikkje er mogleg å kompensere, seier Bjåstad.
Eg som toppsjef er omtrent dagleg involvert i dialogar med kundar
Han fortel at selskapet er i tett dialog med kundane, og at drivstofftillegg igjen er hyppig brukt.
– Vi må ut i marknaden og kommunisere og forhandle med våre kundar kvar dag. Det er noko vi brukar mykje tid og energi på. Også eg som toppsjef er omtrent dagleg involvert i dialogar med kundar, seier Bjåstad.
Fyller drivstoff for ti millionar kvar månad
Transportbransjen er frå før prega av låg lønnsemd.
– Det er ein marginskvisa bransje. Om du har du to-tre prosent er det ok. Fem prosent så er du kjempeflink, seier han.
Det gjer selskapa sårbare når kostnadene aukar raskt. Med ein stor bilpark blir utslaga tydelege.
– Vi har kring 10 millionar i kostnader kvar månad på diesel. Det har vore store svingingar, og våre pris-tillegg til kunden passerer ofte ti prosent, ifølgje Bjåstad.
Vi greier ikkje dekke inn desse kostnadene når kring 500 bilar skal ha drivstoff dagleg
– Vi greier ikkje dekke inn desse kostnadene når kring 500 bilar skal ha drivstoff dagleg, legg han til.
Etter at dieselprisen skaut opp før påske, har den gått nedover dei siste dagane.
Det skjer både som følgje av avgiftskutt – og ein lågare oljepris som følgje av våpenkvila. Framleis er likevel verdas tilgang på olje- og gass strupa betydeleg. Natt til måndag tippa oljeprisen igjen over 100 dollar fatet, etter at det blei klart at forhandlingane mellom Iran og USA stranda.
Fleirtalet godtek påslag i prisen
Bjåstad fortel at dei møter ei viss forståing for at dei må legge på prisane.
– Fleirtalet av våre kundar har akseptert å justere i tråd med veldig varierande prisar, seier han.
Drivstofftillegg blei teke i bruk i bransjen i 2022, etter Russlands invasjon av Ukraina.
– Det var masse bråk også den gong, og vi forstår at det er ei ekstrabelastning å legge på kundane.
Meiner forbrukarane må betale
Til slutt er det kundane – og forbrukarane – som sit igjen med rekninga, meiner Bjåstad.
– Konsekvensen til slutt er at du og eg må betale for dette som forbrukarar i form av høgare pris, seier han.
Veøy-sjefen er positiv til at styresmaktene har innført mellombelse avgiftskutt.
– Det er viktig at dei følgjer med framover og gjer tiltak som er mogleg, sjølv om vi ikkje meiner at staten kan løyse alt, seier han.
Publisert: 13.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 13.04.2026 13:15






