Rolf olav tenden montasje foto ogne tenden på facebook 11
UROA: Utviklinga i drivstoffprisane gjer Rolf Olav Tenden bekymra. Saman med fleire i transportbransjen har han teke til orde for krisehjelp til transportnæringa. Foto: Ogne Øyehaug/Thor Tenden Transport på Facebook
Nytt

Dieseltillegg på alle faste avtalar

Rolf Olav Tenden lurar på kor lenge kundane har råd til prisjustering kvar veke - og trur sluttbrukaren får rekninga.

Kjell Arne Steinsvik
12.07.2022

– No har vi lagt dieseltillegg på alle faste avtalar. Dette har vi gjennomført med alle kundar, og dei har godteke det, fortel eigar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport.

I mars uttrykte han og fleire andre i bransjen bekymring for dei brått stigande drivstoffprisane som følgje av krigen i Ukraina.

No har det enda i ei ordning der transportselskapa på vekesbasis reknar ut eit dieseltillegg ut ifrå dei gjeldande drivstoffprisane.

Tenden meiner dette så langt har vore ei grei og forståeleg løysing.

– Kundane har vore positive og betalar, men spørsmålet er kor lenge dei har råd å betale – for dei vidarefakturerer til den vanlege mann.

– Kva skjer om høge divstoffprisar går for langt?

– Det vert vanskeleg til slutt. Det er grenser for kva næringslivet har råd til å la det koste. Vi er framleis positive, men det ser ut til at Noreg må inn i eit anna kostnadsnivå, og vi må justere det deretter. Det vert tøft, og det vert nok sluttbrukaren som må betale, seier Tenden.

Kundane har vore positive og betalar, men spørsmålet er kor lenge dei har råd
Rolf Olav Tenden

Ingen hjelp i sikte
I mars starta tillegget på ti prosent, før det i veke 26 var oppe i seksten prosent. Så gjekk det litt ned att.

I vår var håpet at det skulle kome støttepakkar, eller reduksjon i drivstoffavgiftene. Norges Lastebileier-Forbund (NLF) har så langt arbeidd utan å få gjennomslag for dette.

– Regjeringa er steil, og det er finansministeren og finansdepartementet som til slutt bestemmer, konkluderer Tenden.

Han legg til at drivstoffutgiftene ikkje er den einaste utfordringa for transportnæringa.

– Vi er meir skeptiske til det langsiktige innan veginvesteringar. Det vert lite pengar til veg, og mykje sentralisering. Det ser ut til at byane skal reddast, medan ein gir blaffen i landet, seier Tenden.

Jon ivar nygård strynefjell tunnel foto ogne samferdselsdepartementet 11
KØYRDE STRYNEFJELLSTUNNELANE: Samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) køyrde nyleg ein Tenden-bil gjennom Strynefjellstunnelane. Rolf Olav Tenden

Samferdselsminister nummer fire
I førre månad hadde han med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på synfaring gjennom Strynefjellstunnelane – i ein av lastebilane til Tenden. Dei tronge tunnelane har lenge vore ein flaskehals med risiko for trafikkulykker, i verste fall så gale som katastrofefilmen «Tunnelen» såg føre seg.

Det var fjerde gongen Tenden hadde ein samferdselsminister med på ein slik tur, men håpet er ikkje større for at det skjer noko denne gongen heller.

– Han var hyggjeleg å prate med, men det var ikkje visjonar, seier Tenden – som ikkje har planar om å gje opp arbeidet med å få betre tunnellar.

– Vi må få alle på Stortinget til å forstå at det må byggjast nytt. Ein må jobbe heile tida og kome med gode argument. Til slutt vert ein så kjent, og det vert så mykje mas, at politikarane må finne på noko. Det er slik alle vegprosjekt har vorte realisert.

Førebels ser det godt ut
Alle utfordringar til sides: Rolv Olav Tenden ønskjer ikkje å svartmåle situasjonen. Tvert om.

Resultatsmessig har Tenden gjort det godt dei siste åra. I 2021 hadde Thor Tenden Transport AS eit driftsresultat på 3,69 millionar kroner, medan Tenden AS hadde eit driftsresultat på 1,3 millionar (sjå tabell under)

– Det er god aktivitet og kundane tener framleis pengar, og då er vi ein god leverandør for dei. Vi satsar på eit like godt resultat inneverande år. Førebels ser det godt ut og vi ser lyst på livet, seier Tenden.

Det er god aktivitet og kundane tener framleis pengar
Rolf Arne Tenden

Lokal arbeidskraft
I tida som kjem han mest til å ha fokus på å rekruttere unge menneskje til sjåføryrket.

– Lokalt meiner eg vi har greidd å skape interesse for det gjennom langsiktig arbeid. Vi ser at at lærlingane vi har fått dei siste åra er flinke og dedikerte. Dei vil noko innan transport, ikkje berre fordi dei ikkje hadde anna å søkje på. Det er god kvalitet på dei vi har no, konkluderer Tenden.

Thor Tenden Transport As
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
86,7

84,4

Driftsresultat
3,7
3,2
Resultat før skatt
3,7
3,2
Tenden As
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
28,6

25,2

Driftsresultat
1,3
2,7
Resultat før skatt
1,3
2,7

Publisert: 12.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.07.2022 17:58

Mer om