Den korte utviklingstida skuldast at selskapet har brukt programvare som alt er på marknaden og sett dette saman til eit eige system, Optimar Commander.
Det Optimar har utvikla på eiga hand er delar av systemet selskapet ikkje fann på marknaden og bindeleddet mellom dei ulike programvarene, slik at alle delar av systemet kan snakke saman.
Skulle Optimar gjort alt utviklingsarbeidet på eiga hand ville det tatt minst eitt år å bli ferdig, anslår Ole Andre Tomren, som er Digital Inteligence Platform Manager i Optimar og har arbeidd med systemet sidan han starta i selskapet i desember i fjor.
Å ha eit slikt system å tilby kundane er avgjerande for at Optimar framleis skal kunne sitte i førarsetet i utviklinga, seier teknisk direktør Peder Stette i Optimar.
Kundane vil ha det for å kunne digitalisere produksjon og resten av verksemda si. Dersom Optimar ikkje kan levere vil kundane gå til andre for å få det utvikla og då blir det andre som set premissane, etter Stette si vurdering.
Informasjonen kan hentast ut på mobil, nettbrett og pc, der kva du får opp av informasjon kan tilpassast etter stilling og oppgåver i selskapet.
Volt Processor er mellom anna utstyrt med eit avlusinganlegg frå Optimar, der heile bruken av anlegget kan overvakast og dokumenterast ved hjelp av sensorar. Det betyr mellom anna at operatøren har kontroll med vasstemperaturen og kor lenge fisken ligg i varme- eller kuldebad i prosessen.
Det Optimar har utvikla på eiga hand er delar av systemet selskapet ikkje fann på marknaden og bindeleddet mellom dei ulike programvarene, slik at alle delar av systemet kan snakke saman.
Skulle Optimar gjort alt utviklingsarbeidet på eiga hand ville det tatt minst eitt år å bli ferdig, anslår Ole Andre Tomren, som er Digital Inteligence Platform Manager i Optimar og har arbeidd med systemet sidan han starta i selskapet i desember i fjor.
Sitte i førarsetet
Systemet kan brukast til overvaking, styring og analyse av alle anlegga som Optimar leverer, frå avlusingsanlegg til foredlingsfabrikkar.Å ha eit slikt system å tilby kundane er avgjerande for at Optimar framleis skal kunne sitte i førarsetet i utviklinga, seier teknisk direktør Peder Stette i Optimar.
Kundane vil ha det for å kunne digitalisere produksjon og resten av verksemda si. Dersom Optimar ikkje kan levere vil kundane gå til andre for å få det utvikla og då blir det andre som set premissane, etter Stette si vurdering.
Lett å følgje med
Ein del av systemet som Optimar har utvikla sjølv er systemet for korleis brukarane får presentert informasjon som blir henta ut av systemet.Informasjonen kan hentast ut på mobil, nettbrett og pc, der kva du får opp av informasjon kan tilpassast etter stilling og oppgåver i selskapet.
Tre kundar på plass
Optimarsystemet er allereie på plass hos "Volt Processor", ein arbeidsbåt for oppdrettsnæringa som reiarlaget Volt Service fekk overlevert i mai i år. Også Aker Biomarine sin nye krillbåt og Hav Line sin nye slaktebåt skal ha systemet.Volt Processor er mellom anna utstyrt med eit avlusinganlegg frå Optimar, der heile bruken av anlegget kan overvakast og dokumenterast ved hjelp av sensorar. Det betyr mellom anna at operatøren har kontroll med vasstemperaturen og kor lenge fisken ligg i varme- eller kuldebad i prosessen.
Publisert: 22.08.2018 10:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25