Dobbel-kontrakt til Ulstein Verft
Skal bygge to skip for vindkraftindustrien, med opsjon på fire til.
Det er det tyske reiaralaget Bernhard Schulte Offshore som bestiller sitt fjerde og femte skip frå Ulstein Verft. Den første kontrakten blei inngått i 2015.
Etter det NETT NO erfarer reknar aktørar i marknaden med at prisen er rundt 700 millionar kroner for kvart fartøy.
- Etter dei første nybyggingskontraktane i 2015 og igjen i 2018, og oppgraderinga av 'Windea Leibniz' som vi fullførte i år, er vi veldig glade for å no signere ein skipsbyggingskontrakt ved Ulstein Verft for fartøy nummer fire og fem for Bernhard Schulte Offshore. Partane samarbeider svært godt og vi ser fram til å jobbe i lag igjen. Fartøya er planlagde for levering i 2025, og vi skal gjere det vi kan for å leve opp til forventingane til reiarlaget, seier Kolbjørn Moldskred, salssjef i Ulstein Verft i ei pressemelding.
Ulstein-design
Skipa er basert på Ulstein sitt SX222-design, med baugfasong også i akterenden. Det blir såkalla CSOV-fartøy, bygd for både konstruksjon og vedlikehaldsoppdrag.
Dei blir 89,6 meter lange og 19,2 meter breie og får enkeltlugarar for 110 personar. Skipa får rørslekompensert gangbru og kran for at folk og utstyr kan flyttast trygt mellom skip og vindkraftinstallasjonar.
Dei blir bygd for å kunne ta i bruk metanol som drivstoff.
Kontrakten omfattar også ein opsjon på fire skip til.
Publisert: 06.07.2023 13:19
Sist oppdatert: 10.07.2023 12:34