Gudmor Frid Harstad dlg Arild Aasmyr FSV Group dåp 2023 Aquia Nor foto Ogne
DØYPT: Gudmor Frid Harstad døypte servicfartøyet Multi Enovation i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dobbeldåp for FSV Group

Har batteripakke som kan vare ein arbeidsdag.

22.08.2023

Batteripakken ombord skal rekke for ein typisk arbeidsdag på 12 timar for servicebåtane Multi Enovation og Multi Electric, ifølgje dagleg leiar Arild Aasmyr i FSV Group.

Molde-reiarlaget, som har spesialisert seg på servicebåtar for oppdrettsnæringa, fekk overlevert dei to fartøya frå Sletta Verft tidlegare i år.

Dåpen i Trondheim tysdag, i samband med oppdrettsteknologimessa Aqua Nor, markerte FSV Group si satsing på heilelektrisk drift.

Å erstatte diesel med batteri sparer CO2-utslepp per fartøy tilsvarande det 215 privatbilar med gjennomsnittleg 15.000 kilometer køyrelengde slepp ut årleg i følgje Aasmyr.

FSV har fått Enova-støtte til investeringa. Utan den ville det blitt for dyrt samanlikne med å bygge eit fartøy som går på diesel, ifølgje Aasmyr, men reiarlaget reknar med reduserte drivstoff- og ikkje minst vedlikehaldskostnadar.

Publisert: 22.08.2023 17:50

Sist oppdatert: 22.08.2023 19:32

Mer om