Meir enn dobla talet på tilsette på to år
I 2021 hadde FSV Group 107 tilsette. I år ventar dagleg leiar Arild Aasmyr å nå 250.
FSV Group auka talet på tilsette frå 107 i 2021 til 184 i 2022. Når dagleg leiar Arild Aasmyr ventar å nå 250 tilsette i løpet av året, er det ein formidabel vekst.
I løpet av året har FSV Group i Molde fått levert fem nye båtar og har no 21 fartøy i flåten.
Konsern eig og driv servicefartøy og lektarar for oppdrettsnæringa. Oppdraga er frakt, sleping, handtering av nøter og inspeksjon.
Ytterlegare eitt fartøy blir levert i år, og eitt for levering i 2024 og eitt for levering i 2025 er i bestilling.
Lakseskatt-stopp
I august 2022 vedtok arbeidsbåtreiarlaget i Molde å utvide flåten med seks nybygg. Så kom regjeringa sitt framlegg om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.
Dei seks nybygga, til omlag 500 millionar kroner blei lagt på is, fordi FSV frykta at kva skatten ville bety for veksten i oppdrettsnæringa og dermed behovet for nye båtar.
Slik er det framleis, men FSV Group har likevel bestilt to nye båtar etter at grunnrenteskatten blei varsla. Ein skal til oppdrag i utlandet og ein kan Aasmyr førebels ikkje kommentere kvar skal.
Leif Arne Langøy og hans familie er største eigar gjennom selskapet Lapas. Lapas eig 33,47 prosent.
Endre Nisje i Molde er den andre av dei større aksjonærane frå Nordvestlandet. Han eig 10,8 prosent gjennom selskapet Nisja Fish.
Selskapet har i tillegg til Langøy og Nisje to andre større aksjonærar, selskap eigd av investoren Kjetil Holta (32,8 prosent) og selskap eigd av investor Sven Erik Lie og familie.
FSV Group as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 328,8 | 247,2 |
Driftsresultat | 63,2 | 48,0 |
Resultat før skatt | 41,8 | 35,5 |
Publisert: 15.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 15.08.2023 00:24