Petter Gunnarstein salssjef Sølvtrans foto Ogne
VEKST: Då salssjef Petter Gunnarstein byrja i Sølvtrans hadde reiarlaget ein brønnbåt laurdag døypte dei brønnbåt nummer 31. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Medan eine broren overleverer ein båt, tek den andre i mot ein annan

– Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at det skulle bli det eventyret, seier salssjef Petter Gunnarstein i Sølvtrans.

26.03.2022

Brønnbåtreiarlaget Naviera Orca Chile starta laurdagen med dåp på Prestebrygga i Ålesund klokka 14.

Allereie om føremiddagen var medeigar i reiarlaget, Kjell Audun Aasen og Larsnes Mek. Verksted-sjef Jarle Gunnarstein i gang med å få heist norsk og chilenske flagg og teste plasseringa av podium og svingradius for å sikre at flaska blir knust som den skal under dåpssermonien.

Orcayka er båt nummer fire for det chilenske reiarlaget. Den er bygd på Larsnes Mek. Verksted, med ein tankkapasitet på 2800 kubikkmeter, og mellom anna utstyr med anlegg for å produsere ferskvatn av saltvatn.

(saka held fram under)

Kjell Audun Aasen Jarle Gunnarstein Orka Yka foto Ogne
REIAR OG VERFTSDIREKTØR: Kjell Audun Aasen, medeigar i reiarlaget Naviera Orca Chile og Larsnes Mek-sjef Jarle Gunnarstein før dåpen laurdag. Foto: Ogne Øyehaug

Aasen og Odd Einar Sandøy, som eig brønnbåtreiarlaget Rostein gjennom selskapet Rofisk, eig til også 44 prosent i det chilenske reiarlaget.

Rofisk er stor aksjonær i Larsnes Mek. Verksted og brønnbåtreiarlaget Rostein er ein viktig kunde.

To brødre
Jarle Gunnarstein er bror til Petter Gunnarstein, som er salssjef i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.

Medan den eine broren overleverer ein båt, tek den andre i mot ein annan båt. Petter Gunnarstein har vore i sving sidan tidleg laurdag med å servere besøkande kake ombord på brønnbåten Ronja Princess som har vore open for pumblikum, før båten blei døypt klokka 15.

Då Petter Gunnarstein byrja i Sølvtrans i 1997 hadde reiarlaget ein båt. Ronja Princess er brønnbåt nummer 31.

- Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at det skulle bli det eventyret det har blitt, seier Gunnarstein.

(saka held fram under)

Ronja Princess dåt Sølvtrans foto Ogne
SERIE PÅ SJU: Ronja Princesss har ein tankkapasitet på 3000 kubikkmeter og er den første av ein serie på sju frå Aas Mek. Verksted. Foto: Ogne Øyehaug

Ronja Princess er bygd hos Aas Mek. Verksted på Vestnes. Den er den første i ein serie av sju som skal leverast fram til og med 2024.

Sølvtrans er verftet sin største kunde, og er saman med Myklebust Verft, dei som har bygd for Sølvtrans i fleire år.

Publisert: 26.03.2022 13:40

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om