Bilde 2 oversikt Myklebust
MYKLEBUST: Høg aktivitet ved Myklebust Verft med Richard With i dokk, Ronja Nærøysund og skroget til Ronja Star ved kai. Foto: Myklebust
Nytt

Fjerde frå Myklebust til Sølvtrans

Den nye brønnbåten til Sølvtrans har batteripakke og ein lastekapasitet på 4.000 kubikkmeter.

23.02.2022

- Ronja Nærøysund er eit produkt vi er svært stolte av å levere fra oss, og våre tilsette har gjort ein formidabel jobb.

- Ein framtidsretta brønnbåt som dette er kompleks å bygge, og eit tett og godt samarbeidet med rederi og underleverandørar er også avgjerande for å lukkast.

Det seier dagleg leiar Lars Conradi Andersen ved Myklebust Verft i ei pressemelding.

- Bra samarbeid
Sande-verftet har levert den fjerde brønnbåten til Sølvtrans, brønnbåtselskapet som sandssokningen Roger Halsebakk har bygt opp. No er det sonen Robin Halsebakk som dreg i spakane.

Han seier seg godt nøgd med at båten no er klar til oppdrag.

- Samarbeidet med Myklebust har vore bra og vi overtar eit topp moderne fartøy av høg kvalitet som vi gler oss til å sette i drift, seier han i pressemeldinga.

Bilde 1 Levering 76 ombord
LEVERING: Frå venstre Tom Inge Gotten, Myklebust Verft, Tor Ove Stenersen, Sølvtrans Rederi og Terje Bringsvor, Myklebust Verft. Foto: Myklebust Verft
Situasjonen ved Myklebust er i betring etter eit krevjande fjorår
Lars Conradi Andersen

Ser betring
Myklebust Verft har ytterlegare to fartøy i ordreboka til Sølvtrans. Skroget til bygg 77 kom til Myklebust førre veke, medan skroget til bygg 78 er under bygging i Tyrkia.

- Situasjonen ved Myklebust er i betring etter eit krevjande fjorår. Vi ser lysning i covidsituasjonen og har bra med arbeid i 2022.

- Samstundes jobbar vi med å få på plass meir arbeid ut over i 2023, seier Conradi Andersen.

Han overtok som ny toppsjef ved Sande-verftet i desember i fjor etter Inge-Jonny Hide. Conradi Andersen var frå før styremedlem i eigarselskapet.

Publisert: 23.02.2022 09:00

Sist oppdatert: 23.02.2022 09:18

Mer om