Sat att med over kvar tredje krone i overskot
Driftsinntektene har aldri vore høgare og driftsresultatet aldri vore betre for Sølvtrans Rederi.
Sølvtrans Rederi er det største og viktigaste selskapet i Sølvtrans-konsernet, som eig og driv brønnbåtar i Noreg, Shetland, Skottland, vestkysten av Nord-Amerika, Island, Chile og Australia.
I fjor fekk Sølvtrans Rederi eit resultat før skatt som tilsvarar over 35 prosent av driftsinntektene (sjå tabell).
Sølvtrans har hovudkontor i Ålesund. Konkurrenten Rostein har hovedkontor på Harøya og dei to er dei største brønnbåtselskapa i Noreg. Brønnbåtar fraktar levande fisk til og frå oppdrettsanlegg og blir også brukt til mellom anna avlusing av oppdrettsfisk.
Les også
Nybygging
Tidlegare i år vart søsterselskapet Dess Aquaculture slått saman med Sølvtrans til eitt selskap.
Då sa Sølvtrans-sjef og medeigar Roger Halsebakk at Sølvtrans skal halde på filosofien om å bygge i Norge – og helst lokalt.
– Ja, vi køyrer sånn som vi har lagt ein plan om å gjere. Den kontraheringa som skjer vil ikkje vere i regi av Dess – men av Sølvtrans, sa han.
Når reiarlaget er ferdig med nybyggingsprogrammet på 20 nye båtar – vil flåten totalt vere på om lag 55 båtar.
Konsernreknskapet til Sølvtranskonsernet er å finne i selskapet Astrix Topco 1 as (sjå tabell).
Astrix Topco 1 as er eigd av det investeringselskapet Antin Infrastructure Luxembourg III 9 SARL, som i sin tur eig 82 prosent av aksjane i datterselskapet Astrix Holdco as. Under Astrix Holdco ligg resten av selskapa i Sølvtrans-konsernet. Halsebakk-familien eig 15 prosent av aksjane i Astrix Holdco, Anders Hvide og Cathrine Advocaat Hvide eig tre prosent.
Sølvtrans Rederi as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 912,5 | 703,3 |
Driftsresultat | 511,2 | 350,4 |
Resultat før skatt | 320,5 | 269,8 |
Astrix Topco 1 as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1181,9 | 932,8 |
Driftsresultat | 369,9 | 191,1 |
Resultat før skatt | 71,6 | -46,8 |
Publisert: 26.10.2021 14:57
Sist oppdatert: 27.10.2021 10:50