Ro Sailor
ROSTEIN: Ro Sailor er nyaste brønnbåten til Rostein, og vart overlevert frå Larsnes Mek. Verksted i juli. Foto: Larsnes Mek. Verksted
Nytt

Rostein slo alle rekordar

Harøy-selskapet med rekordinntekter og rekordresultat.

25.10.2021

Odd Einar Sandøy og Rostein-reiarlaget på Harøya tener pengar som aldri før. I fjor segla brønnbåtflåten inn 1170,7 millionar kroner, som er solid ny rekord.

Resultatet før skatt enda på 318,9 millionar kroner. Forrige rekord var sett i 2018, og var på 242,0 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Rostein
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1170,7 1045,5
Driftsresultat 361,9 283,3
Resultat før skatt 318,9 238,1

Larsnes-båtar
Selskapet har 16 brønnbåtar, som i stor grad går for oppdrettarar i Norge.

Siste åra har Rostein hatt eit omfattande nybyggingsprogram, der båtane har vorte bygde hos Larsnes Mek. Verksted, eit verft som Rofisk, morselskapet til Rostein, eig 68,75 prosent av.

Alle Rosteins 16 fartøy er utrusta i Norge og berre dei siste ti åra har selskapet bygt for 3,5 milliardar kroner i Norge.

Den siste brønnbåten, Ro Sailor, vart levert i juli i år. Skroget kom frå Marine Projects i Gdansk, og båten vart ferdig utrusta på Larsnes.

Ro Sailor er 79,2 meter lang, 15 meter brei og har ein lastekapasitet på 2.800 kubikkmeter.

Optimisme
Men det kan verte fleire nybygg, for Rostein-styret skriv i årsrapporten at det er positive utsikter framover for brønnbåtnæringa, men spesielt for effektive fartøy med godt utstyr og moderne teknologi.

Samstundes merkar styret seg at det er mange andre som kontraherer fartøy, noko styret tar med i risikovurderinga.

Rostein har 239 årsverk. Båtane er NOR-registrerte, og mesteparten av mannskapet er norsk.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 1,4 milliardar kroner og ei langsiktig gjeld på 1,5 milliardar.

Publisert: 25.10.2021 08:01

Sist oppdatert: 25.10.2021 08:35

Mer om