Green Yard kom inn som eigarar av Kleven-verftet i 2020. Målet har heile tida vore å ha tre bein å stå på – ombygging, resirkulering og nybygg.
Fredag kunne konsernsjef Hans Jørgen Fedog endeleg sleppe nyheita om det første nybygget på verftet. Gleda var tydeleg då han tok i mot pressa fredag.
– Som alle veit er Kleven mest kjent for nybygg, sa Fedog då han innleia pressemøtet.
Så haldt han fram: – Det er ei enorm glede at vi kan legge fram ei nybyggingskontrakt her ved verftet for første gong på fleire år

Mest aktivitet i offshore og vind
Konsernsjefen i Green Yard legg ikkje skjul på at det hadde vore ein lang prosess fram til målet.
Avtalen med det rumenske energiselskapet OMV Petrom har dei jobba med sidan i sommar.
– Vi har rekna på eit utal prosjekt som ikkje har blitt noko av, seier Fedog til Nett No.
Undervegs har dei gjort tilpassingar i drifta, styrka eigenkapitalen og jobba med å vere konkurransedyktige på pris. Samtidig har dei heile tida hatt kompetanse til å ta på seg nybygg.
– Vi har jobba spesifikt med flest prosjekt i marknadene for skip til offshore og vind, utdjupar han.

Jobb til lokale leverandørar
Fedog fortel at det vil kome arbeid til ein rekke lokale leverandørar på nybygget til OMV, og at desse vil bli offentleggjort etter kvart.
Det er allereie klart at Hav Group-selskapet Norwegian Electric System skal levere system for dynamisk posisjonering og navigasjon om bord på skipet.
Salssjef Rune Gamlem er den som har halde i trådane i arbeidet med kontrakten, som mellom anna gjer at verftet treng feire tilsette. I dag er dei kring 70 tilsette.
– Det er utruleg gøy
På verftet har dei allereie visst om avtalen i fleire dagar og konsernsjefen kunne fortelje om ei «betydeleg glede» i arbeidsstokken over utsiktene til igjen å bygge eit nytt skip ved verftet.
– Personleg synest eg det er utruleg gøy at den veldig kompetente gjengen får moglegheita til å vise at dei er i verdsklasse, la Fedog til.

Samarbeid om forsvarskontrakter
Green Yard er saman med fleire verft og Kongsberg Maritime med i eit samarbeid som ønsker å sikre arbeid på dei store forsvarskontraktane som er venta.
Fedog meiner verftet er i ein god posisjon saman med partnarane.
– Vi er i ein konstellasjon der vi skal jobbe saman mot forsvaret når dei er klare, seier han.
Då fleire bedrifter frå industrien møtte Forsvarsmateriell i Ålesund nyleg, blei det antyda at regjeringa kan legge fram ei «bestilling» på ein rekke nye fartøy før sommaren neste år.
Mindre aktivitet på fisk, yacht og cruise
Den siste tida har verftet jobba lite med å sikre seg nybygg på fiskeri.
Heller ikkje yachtar eller mindre cruiseskip – som verftet også har erfaring med frå tidlegare – er det noko særleg med aktivitet, ifølgje Fedog.
– Vi har ingen førespurnader på det per i dag, legg han til.
Publisert: 12.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 11.10.2024 23:11