Dobla råvarelager skaffa nye kundar
Vartdal Plast-konsernet ligg an til 20 prosent auke i salsvolumet i år. Store innkjøp av råvarer har sikra at konsernet har kunne levere når kundane vil kjøpe.
I ein normalsituasjon har Vartdal Plast-konsernet råvarer for ein månads produksjon. No har konsernet nok råvarer for to månadars produksjon.
Vartdal Plast-konsernet lagar byggisolasjon, fiskekasser og annan emballasje i ekspanderbar polystyren, eit plastmateriale som kombinerer låg vekt og god isolasjonsevne.
Då polystyrenprisane kraup oppover i slutten av 2020 var vurderinga at bransjen kunne vere på veg inn ein råvaremangel, seier dagleg leiar og medeigar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast-konsernet.
Nye kundar
Den vurderinga gjorde at selskapet starta å kjøpte inn meir råvarer ved årsskiftet 2020/2021, og har halde seg med dobbelt så stort råvarelager som i ein normalsituasjon i heile år.
Resultatet er at Vartdal Plast-konsernet har kunne levere gjennom heile 2021, og fått nye kundar medan andre i bransjen har slite med at det er knapt om råvarer. Veksten har først og fremst kome i byggisolasjonsmarknaden, som står for omlag 60 prosent av driftsinntektene.
Konsernet har også drahjelp av at kundane etterspør produkt basert på resirkulert materiale, ifølgje Vartdal.
Alle anlegga i konsernet produserer no nær døgnet rundt.
E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet
Auka prisar
Jan Endre Vartdal anslår av salet mål i volum, vil auke omlag 20 prosent i år. Høgare råvareprisar har gjort at også Vartdal Plast har auka prisane slik at salsauken mål i kroner i 2021 mot 2020 vil bli omlag 45 prosent, anslår han.
I år vil lønsemda blir på line med 2020. Marginane er strammare, men selskapet har ein gevinst av at fabrikkane har nær full kapasitetsutnytting.
Råvareprisane er framleis høge.
- Den held seg merkverdig lenge, seier Vartdal om prisauken.
Framover ventar han imidlertid at råvareproduksjonen stig og prisane fell - og då vil også prisane på Vartdal Plast sine produkt gå ned.
Familiselskap
Vartdal Plast er eigda av søskena Jan Endre, Sindre og Ingvild Vartdal. Brørne arbeider i selskapet, Adviso-advokat og grunnleggar Ingvild Vartdal er styreleiar.
Vartdal Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 819,2 | 844,0 |
Driftsresultat | 35,7 | 40,9 |
Resultat før skatt | 29,6 | 77,8 |
Hovudkontoret er på Vartdal, der det og er fabrikk.
Konsernet har og anlegg i Ualand, Hjelmeland, Biri og Bodø.
I fjor sysselsette konsernet 60 årsverk.
Publisert: 13.09.2021 12:15
Sist oppdatert: 13.09.2021 12:36