Vartdal plast modulvogntog 22
PRØVETUR: Modulvogntoget frå Vartdal Plast klarte utfordringane då dei var ute på oppdrag frå Norges Lastebileierforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Modulvogntog klarte utfordringane

Vartdal Plast er overtydd om at grønt lys for modulvogntog, vil gi ei grøn utskifting av køyretøy. Første etappe av dagens test gjekk knirkefritt.

Marius Rosbach
11.02.2021

I fleire fylke er det opna for å køyre vogntog opp til 24 meters lengde på utvalte strekningar. I Møre og Romsdal er maks-grensa i dag på 19,5 meter, men allereie i løpet av våren kan det blir ei endring på det.

I desse dagar er Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges Lastebileierforbund ute for teste ulike fylkesvegar. Slik vil dei sjå om det er flaskehalsar, kryss eller svingar som kan skape problem. Førebels er det ikkje funne utfordringar som legg alvorlege hindringar i vegen.

Trur på utskifting av bilparken
Torsdag var turen kome for å teste korleis det er å køyre strekninga mellom Furene i Volda, via Fosnavåg og til Ålesund. Prøveturen blei gjort med det 24 meter lange modulvogntoget Vartdal Plast har kjøpt seg.

Bjarne martin valde christian vartdal sindre vartdal tormod vestad modulvogntog 33
NØGD: Fabrikksjef Sindre Vartdal fortel at dei har stor trua på arbeidet som no gjerast, og tvilar på at det var blitt ein realitet utan lastebileigarforbundet og fylkeskommunen på laget. Også overingeniør Bjarne-Martin Valde (t.v.), sjåfør Christian Vartdal og rådgjevar Tormod Vestad (t.h.) var på prøveturen. Foto: Marius Rosbach

Fabrikksjef og medeigar Sindre Vartdal i Ørsta-konsernet fortel at dei sett stor pris på å få vere med på arbeidet som no gjerast. Han har stor tru på at grønt lys for slike vogntog på fylkesvegane, vil gi betydelege konsekvensar for transportørane.

– Vi er opptekne av det økonomiske, men også at det gir mindre utslepp ved at det blir færre turar. Det vil også bety ei utskifting av vogntog, som vil bidra til å gi eit mindre fotavtrykk for heile næringa, fortel Sindre Vartdal til NETT NO.

EI slik utskifting vil naturleg nok vere avhengig av at bedriftene har dei økonomiske musklane som skal til for å ta investeringa. Sindre Vartdal er overtydd om at ei omlegging vil kome så raskt det blir gitt grønt lys.

– Dette vil bli heilt nødvendig for alle grunna konkurransen med andre. Dei som kan gjere det, er nøyd til å gå for dette, seier Vartdal.

Meir plass gir færre turar
Vartdal fortel at dei får med seg kring 35 kubikk meir per tur, som gjer at dei aukar frå 110 til 135 kubikk per bil. Det betyr at det er plass til om lag 22 prosent meir i eit modulvogntog.

Berre mellom fabrikken deira på Vartdal og oppdrettselskapet Mowi sitt lakseslakteri- og foredlingsanlegg vil større vogntog spart selskapet for fem turar om dagen. I dag køyrer det dagleg mellom tre og og 12 Vartdal Plast-bilar med fiskekasser mellom Vartdal og Herøy.

Utrekningar frå Norges Lastebileierforbund tyder på det er mogleg å redusere talet på vogntog langs vegen totalt med opptil 30 prosent.

Klarte «problempunkt»
Strekninga frå Furene til Garneskrysset gjekk knirkefritt. På veg ut til Fosnavåg var dei spent på korleis vogntoget skulle takle to spesielle punkt – krysset på fylkesveg 5868 der ein kan køyre til Moltustranda eller Fosnavåg, og Frøystadkrysset – der ein kan køyre mot Torvika eller Fosnavåg.

Vi er opptekne av det økonomiske, men også at det gir mindre utslepp ved at det blir færre turar
Vartdal plast modulvogntog 11
GJEKK BRA: «Over all forventing», er konklusjonen frå Sindre Vartdal etter at modulvogntoget hadde køyrt strekninga ut til Fosnavåg og tilbake. Mellom anna dette krysset var det knytt spenning til på førehand. Foto: Marius Rosbach

Begge delar gjekk bra med dagens køyretøy og føre.

– Det vi var skeptiske til, gjekk over all forventing, fortel Sindre Vartdal etter at punkta er passert.

Har støtt på utfordringar
Tormod Vestad som er rådgjevar for plan og trafikk i Møre og Romsdal fylkeskommune, fortel at dei største utfordringane så langt gjerne har vore punkt med kantsteinar, eller mindre trafikkøyer, som har gjort vegen vel smal.

– Miljøaspektet ved at det mogleg å få meir last på kvar bil og færre køyretøy på vegane. Det er eit godt argument. I tillegg må vi finne ut om det går å køyre her, eller om det oppstår farlege situasjonar fordi vogntoga tek for mykje plass til eksempel ved rundkøyringar, fortel Vestad.

Rett lasting kan vere avgjerande
Lengre vogntog gir større krav til kunnskap om korleis køyretøyet bør lastast. Det vil også vere ulik nytte og erfaringar ved å køyre eit tungt lasta vogntog, samanlikna med transportørar som i hovudsak har stort volum.

– Ofte kan ein sjå bilar som er lasta med mykje tyngde bak på bilen. Då får du meir oppdrift på hjula som skal drive bilen framover, og kan få problem med å kome fram, seier overingeniør Bjarne-Martin Valde ved fylkesvegavdelinga til NETT NO.

Etter at alle strekningane er prøvekøyrd, vil dei gå gjennom videomaterialet og vurdere om at det punkt der ein treng utbetringar før ein kan opne for modulvogntoga. Ei avgjerd kjem truleg i løpet av våren.

Les også: Kjøper vogntog på 24 meter

Krev opptrappingsplan for fylkesvegane

Bærekraftig søskenflokk på Vartdal

Synspunkt: Vi vil opne for modulvogntog når vi veit det er trygt

Publisert: 11.02.2021 14:01

Sist oppdatert: 25.03.2021 11:35

Mer om