Nytt
Tøff kniving om kundane
Når alle skal vekse går det ut over lønsemda.
20.08.2019
- Det er mange om beinet. Alle vil vekse og ta auka marknadsandelar seier Selstad-sjef Hans Petter Selstad.
Han er på oppdrettsmessa Aqua-Nor i Trondheim for å kapre nye kundar denne veka. Selstad lagar utstyr og system til fiskeri og oppdrett, og har dei siste åra utvida produktspekteret sitt blant anna gjennom oppkjøp og samarbeidsavtalar.
I fjor vaks driftsinntektene til det famileigde Selstad-konsernet frå 368 til 445 millionar kroner, medan overskotet gjekk ned frå 37 til 34 millionar kroner. Slik blir det når konkurransen er så tøff som no.
- Det er pressa marginar, seier Selstad.
Så langt ligg Selstad an til å auke driftsinntektene 15 prosent i år.
Birkeland deler Selstad sin vurdering.
- Det er tøff marginpress og det er sterk konkurranse. Det at både vi og andre ønskjer å slåst om marknadsandelar gjer at det blir slik, seier Birkeland.
Mørenot blei i fjor kjøpt av investeringsselskapet FSN Capital.
Eigarskiftet skjedde midt i året, og det er ikkje laga noko konsernreknskap for Mørenot for heile 2018. NETT NO manglar difor ein samanliknbar tabell for Mørenot-konsernet, men FSN Capital har opplyst at konsernet hadde omlag 1,2 milliardar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på omlag 10 prosent av driftsinntektene i fjor.
Birkeland trur konsolideringa hos utstyrsleverandørane til fiske- og oppdrett vil halde fram.
- Vi merka at aktivitetsnivået på det som har vore standardproduktet har blitt mindre, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Plany.
På Aqua Nor viser selskapet fram eit anlegg som kombinerer Plany sine tradisjonelle luseskjørt med eit anlegg som forsyner oppdrettsmerda med oksygen. Luseskjørt vernar oppdrettslaksen mot lakselusangrep, men reduserer også gjennomstrøyminga i anlegget. Tilførsel av oksygen bøter på oksygenmangelen og gjer det råd å bruke luseskjørta i lengre periodar. Resultat frå testanlegg hos Mowi og Hofseth Aqua tyder på at fisken blir friskare og at fleire overlever.
- Vi er litt meir ein nisjeprodusent, så vi prøver å vere ein leverandør der vi ser ettter unike løysingar i samarbeid med oppdrettarane, seier salssjef Hallgeir Frøystadvåg i Frøystad.
Han er på oppdrettsmessa Aqua-Nor i Trondheim for å kapre nye kundar denne veka. Selstad lagar utstyr og system til fiskeri og oppdrett, og har dei siste åra utvida produktspekteret sitt blant anna gjennom oppkjøp og samarbeidsavtalar.
I fjor vaks driftsinntektene til det famileigde Selstad-konsernet frå 368 til 445 millionar kroner, medan overskotet gjekk ned frå 37 til 34 millionar kroner. Slik blir det når konkurransen er så tøff som no.
- Det er pressa marginar, seier Selstad.
Så langt ligg Selstad an til å auke driftsinntektene 15 prosent i år.
Konsolidering
I nabohallen har konsernsjef Arne Birkeland i Mørenot tatt i mot H.M Kronprins Haakon, som stor for den offisielle opninga av Aqua Nor.Birkeland deler Selstad sin vurdering.
- Det er tøff marginpress og det er sterk konkurranse. Det at både vi og andre ønskjer å slåst om marknadsandelar gjer at det blir slik, seier Birkeland.
Mørenot blei i fjor kjøpt av investeringsselskapet FSN Capital.
Eigarskiftet skjedde midt i året, og det er ikkje laga noko konsernreknskap for Mørenot for heile 2018. NETT NO manglar difor ein samanliknbar tabell for Mørenot-konsernet, men FSN Capital har opplyst at konsernet hadde omlag 1,2 milliardar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på omlag 10 prosent av driftsinntektene i fjor.
Birkeland trur konsolideringa hos utstyrsleverandørane til fiske- og oppdrett vil halde fram.
Frå produkt til system
Presenningsprodusenten Plany i Sande fekk eit kraftig fall i driftsinntektene i fjor og har tatt grep for frå å vere ein produktleverandør til å bli ein systemleverandør.- Vi merka at aktivitetsnivået på det som har vore standardproduktet har blitt mindre, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Plany.
På Aqua Nor viser selskapet fram eit anlegg som kombinerer Plany sine tradisjonelle luseskjørt med eit anlegg som forsyner oppdrettsmerda med oksygen. Luseskjørt vernar oppdrettslaksen mot lakselusangrep, men reduserer også gjennomstrøyminga i anlegget. Tilførsel av oksygen bøter på oksygenmangelen og gjer det råd å bruke luseskjørta i lengre periodar. Resultat frå testanlegg hos Mowi og Hofseth Aqua tyder på at fisken blir friskare og at fleire overlever.
Satsar på nisje
Frøystad i Herøy møter konkurransen med å satse på nisjer og skreddarsaum.- Vi er litt meir ein nisjeprodusent, så vi prøver å vere ein leverandør der vi ser ettter unike løysingar i samarbeid med oppdrettarane, seier salssjef Hallgeir Frøystadvåg i Frøystad.
Det er mange om beinet. Alle vil vekse og ta auka marknadsandelar
Publisert: 20.08.2019 14:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38