Nytt
Domstein-eventyret
Historia om Domstein ASA har ein del fellestrekk med eit eventyr.
06.07.2014
ANALYSEDu kjenner eventyret om Gudbrand i Lia? Bonden som reiste til byen for å selje den eine kua og få kontantar mellom hendene? Strengt tatt trengde dei berre ei ku, kom kona og Gudbrand til, og i veg la han.Kua var det ingen som ville kjøpe, men på vegen heim gjekk Gudbrand inn på den eine bytehandelen etter den andre. Til slutt sat han att med ein hane, som han bytta bort mot eit måltid mat.Det demra nok for Gudbrand at han hadde gjort dårlege forretningar på vegen, og då han stakk innom grannen på vegen heim måtte han ut med heile historia.Domstein-konsernet starta òg med eit godt utgangspunkt. Ein gong var det ein mektig og stor arbeidsgivar i heimbyen Måløy og i bygdene rundt.No vil storaksjonæren, R. Domstein & Co kjøpe ut resten av aksjonærane og ta selskapet av børs.dDeretter skal selskapet delast. Investeringsselskapet Kverva, som er eigd av laksemilliardær Gustav Witzøe, skal overta fiskeindustribedriften i Sverige og distribusjonselskapet der. Kverva skal også låne Domsteinbrødrene dei pengane dei treng (38 millionar kroner) til å kjøpe ut resten av aksjonærane.R. Domstein & Co, som er eigd av brødrene Rolf, Gunnar og Knut Magne Domstein, skal drive fiskedistribusjon i Noreg.Domsteinkonsernet var inne i oppdrett, pelagisk industri, kvitfiskindustri og medeigar i fiskebåtar. Frontfiguren Rolf Domstein vart landets yngste ordførar, då han som 26-åring i 1984 overtok ordførarklubba i heimkommunen Vågsøy.Då Domstein ASA blei børsnotert i 2001, og verdsett til over 1,5 milliardar kroner, oppsummerte selskapet situasjonen slik: "Foruten sin norske heleide virksomhet innen pelagisk fisk og hvitfisk, eier Domstein 50% av fiskebåtrederiet Ervik Havfiske AS, 50% av Pieters NV, et betydelig sjømatkonsern med foredlings- og distribusjonsvirksomhet i Belgia, Frankrike, Storbritannia, Island og Sveits, samt 23% av Fjord Seafood ASA, som er et av verdens ledende oppdrettsselskaper innen laks."Måla var ambisiøse:"Domstein har som overordnet målsetting å være en ledende og preferert leverandør av sjømat i det globale markedet og delta aktivt i arbeidet med å restrukturere sjømatsektoren internasjonalt gjennom etablering av et betydelig vertikalt integrert sjømatkonsern som er i stand til å sette nye standarder overfor kundene når det gjelder kvalitet og effektivitet."I 2001 var det ingen som såg at grunnlaget for ein del av dei seinare problema allereie var lagt.Det hadde skjedd gjennom store investeringar i filetanlegg i Måløy på 90-talet. Det skapte arbeidplassar i lokalsamfunnet, men i etterpåklokskapens lys var det ei satsing som neppe var god for Domstein ASA. Konkurranse frå Kina gjorde ein allereie svak norsk filetindustri enda tyngre å drive, og i 2012 var det kroken på døra for filetfabrikken på Trollebø ved Måløy:"Produksjon av hvitfiskfilet har gått med underskudd i flere år, og styret ser ikke muligheter for å oppnå lønnsomhet", heitte det i børsmeldinga. Knappe 90 personar miste jobben. Men i 2001 såg det lyst ut.Så kom krisa i oppdrettsnæringa. Deretter har det gått nedover.Aksjeposten i Fjord Seafood gjekk frå å vere ei velsigning til ein møllestein om halsen. Domstein hadde slått sine oppdrettsanlegg saman med Fjord Seafood og skapt eit av dei største oppdrettselskapa i Noreg, med planar om aggressiv vekst vidare.Det blei mange og lange rundar, til dels langt på natt, for å redde Fjord Seafood. Kapitalutvidingar måtte til, og Domstein stilde opp.Både eigarskapet i Fjord Seafood, og viljen til å satse og halde liv i filetindustrien i heimkommunen, gjer at ingen kan skulde brødrene for å bakke unna ansvar for medeigarar og lokalsamfunn. Men det kosta pengar og krefter, som andre fekk nyte godt av.Fjord Seafood overlevde laksekrisa, og sommaren 2005 kjøpte investor og skipsreiar John Fredriksen Domsteins aksjepost i Fjord Seafood for 442 millionar kroner. Det gav Domstein ASA ein gevinst på 194 millionar kroner. Men gevinsten kunne vere større. Åtte månader seinare var verdien på den same aksjeposten auka til rundt 600 millionar kroner, utan at Domstein ville vedgå at det var snakk om ein tabbe.- Vår investering var langsiktig og strategisk. Vi gikk ut av Fjord Seafood fordi vi beslutta å bruke pengane på noko anna, og vi fekk tilbake det vi investerte pluss litt til. Pengane har vi brukt til å betale ned gjeld, sa Domstein til Dagens Næringsliv i februar 2006.I tillegg til å betale gjeld brukte Domstein også 88 millionar kroner på å kjøpe seg inn i fiskematdistributørar, for å skape eit landsdekkande distribusjonsnett. No når selskapet er på veg ut av børsen, er det nettopp denne satsinga som blir att. Ellers er det meste borte.I dag er det nærliggande å tenkje at dei burde blitt i oppdrett.Det neste store prosjektet til Domstein ASA etter Norway Seafood var skipinga av Norway Pelagic, eit selskap som i dag er slukt av Pelagia, der Austevoll Seafood og Kverva er store eigarar.Domstein la sine pelagiske anlegg - fiskeindustribedrifter som tek i mot sild, makrell, kolmule og lodde - inn i Norway Pelagic, og ein av brødrene, Gunnar Domstein, var til og med konsernsjef i selskapet i starten. Kongstanken var å samle fleire pelagiske industriselskap i eitt selskap, legge ned anlegg og bli kvitt overkapasiteten som gjorde det uråd å tene pengar.Slik blei det også, då Pelagia tok over blei den pelagiske giganten enda større.Men Domstein ASA forsvann ut. Hausten 2010 la Austevoll Seafood 303 millionar kroner på bordet for Domstein ASA sin aksjepost på 32 prosent i Norway Pelagic. Det blei for freistande. Domstein kunne bokføre ein gevinst på over 90 millionar kroner.Men på det tidspunktet hadde Domstein lenge vore eit selskap som sleit med å tene pengar på ordinær drift. Satsinga på sjømatdistribusjon var heller ikke problemfri.I 2008 blei Domstein Enghav slått saman med konkurrenten Naustvik, og Domstein ASA blei sittande med rundt 35 prosent av aksjane. - Det er krevende å distribuere fisk i Norge på grunn av dei store avstandane og den spreidde bustrukturen. Difor blir ein avhengig av store og rasjonelle einingar, sa konsernsjef Rolf Domstein i Domstein ASA til Bergens Tidende.Krevande skulle det hald fram med å vere, og hausten 2013 var det slutt. I 2013-reknskapen måtte Domstein ASA bokføre eit tap på 69 millionar kroner i det konkursråka selskapet.Konsulentselskapet Kjelstrup & Wiggen Consulting, som på oppdrag frå styret i samband med bodet frå Domsteinbrødrene har vurdert verdien på Domstein ASA, og konkluderer med tøffe utsikter.Eit obligasjonslån på 35 millionar kroner skal innfriast om to år, 30. juni 2016. Lånevilkåra på dei ulike låna er slik at Kjelstrup & Wiggen Consulting meiner det må: "forventes reelle utfordringer knyttet til finansiering av virksomheten fremover. Dette kan utløse et refinansieringsbehov, inklusive behov for tilførsel av egenkapital."Domstein ASA er med andre ord så nedkøyrd at det risikerer å måtte gjennomføre ein kriseemisjon, og familieselskapet R. Domstein & Co har ikkje eigne pengar til å kjøpe ut resten av eigarane.Gudbrand i Lia slapp heldig frå det til slutt. Grannen spådde Gudbrand ein lite hjartleg velkomst når kona fekk vite kva som hadde skjedd.Gudbrand satsa formue han hadde på kistebotnen på at kona skulle vere like blid. Naboen vedda i mot, og tapte.For Domstein ASA-aksjonærane, med Rolf, Gunnar og Knut Magne i spissen, er det aksjemarknaden som har rolla til kona i eventyret. Men det er dessverre ikkje like tilgivande.Kona til Gudbrand i Lia var greiare.
Publisert: 06.07.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34