Drabloes held fram med god margin
BREVIKA: Drabløs AS har vore i Breivika i Ålesund dei siste dryge ti åra. Bedrifta blei starta som kjellarbedrift for meir enn 50 år sidan. 
Nytt

Drabløs held fram med god margin

Breivika-bedrift starta som kjellarbedrift - har tredobla omsetnaden sidan 2010.

Marius Rosbach
02.07.2019
Bedrifta som held til i Breivika i Ålesund held fram med solid resultat i fjor. Driftsmarginen er på meir enn 12 prosent, sjølv om inntektene gjekk ned.
Forhandlaren av ulike type pakkemateriell, emballasje og spikarutstyr har opplevd god vekst dei siste åra.

Tredobling

Selskapet bikka for første gong 10 millionar i omsetnad i 2010 og var i 2017 oppe i ei tredobling med omsetnad på meir enn 30 millionar.
Dagleg leiar Ove Drabløs seier seg nøgd med tala for i fjor, men avslår høfleg å kommentere det noko nærare for NETT NO.
Rekneskapen viser ein nedgang i inntekter og resultat i fjor (sjå tabell). Omsetnaden er likevel den 3.høgste i historia for selskapet – og driftsmarginen held seg over ti prosent – slik den har vore dei siste åra.

Starta i kjellaren

Drabløs AS starta som ein kjellarbedrift i 1965, og vart til eit aksjeselskap i 1980. Dei leverer mest av stroppemaskiner, ulike type emballasje og spikarutstyr til snikkarindustrien.
Dryge 60 prosent av aksjane i selskapet er eigd av dagleg leiar Ove Drabløs, medan Knut Syltevik Drabløs og Simen Syltevik Drabløs eig om lag 13 prosent kvar. Frode Vatneødegård eig drygt ti prosent.

Publisert: 02.07.2019 13:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36