Dragkamp om ringnotmilliardar
STRIDSSPØRSMÅL: Petter Geir Smådal er skipper og medeigar i ringnotbåten Smaragd, og skal leie debatten om ringnotreiarane skal få samle større kvotar på færre båtar.
Nytt

Dragkamp om ringnotmilliardar

Prisen på kvotene i ringnotflåten har stige frå nesten null, til over 28 milliardar kroner på knappe 20 år. Fiskarane strides om kvotene skal samlast på færre hender.

02.12.2013
-Eg er spent, det må eg seie, seier skipper og medeigar på Herøy-båten "Smaragd", og Fiskebåt-tillitsmann Petter Geir Smådal.
Torsdag 5. desember skal han leie debatten om ny strukturpolitikk for ringnotflåten i samband med årsmøtet i Aalesund Rederiforening, som går av stabelen dagen etter.
Spørsmålet er enkelt, skal det bli lov å samle større kvoter pr. båt enn i dag - slik at fisket kan gjerast med færre farty?
Svaret er ikkje like enkelt.

Temperatur

Smådal ventar høg temperatur.
- Det positive med strukturdebatten er at den får opp engasjementet, på godt og vondt, seier han.
Sist ringnotreiarane prøvde seg på strukturdebatt var usemja så stor at heile spørsmålet vart lagt vekk.

Braut ut

Undervegs har usemja rundt struktureringspolitikken ført til at nokre fiskebåtreiarar braut med Fiskebåt, paraplyorganisasjonen for eigarene av den havgåande fiskeflåten her i landet. Mellom medlemane i Fiskebåt er Aalesund Rederiforenng.
Utbrytarane etablerte Pelagisk forening, med hovudkontor i Bergen, mellom anna fordi dei meinte Fiskebåt er alt for positiv til at dei største ringnotreiarane skal få samle enda større kvoter på sine hender.
I dag utgjer ringnotflåten cirka 80 farty, rundt 20 færre enn for ti år sidan.

Mest lønsam

Skipsmeklar Manfred Janson hos Janson Shipbrokers i Bergen har fylgd utviklinga i ringnotmarknaden i fleire tiår, og har vore involvert i fleire transaksjonar der fiskebåtar og kvoter har skifta eigar.
Prisane på kvotene har stor sett stige og stige, også i år der det har butta litt i mot med lønsemda i flåten.
Drivkrafta har vore både gode prisar for fisken - samalikna med situasjonen for 20 år sidan, og samling av fisket på færre båtar.
Begge deler har auka lønsemda, og gjort ringnotflåten til den mest lønsame delen av den norske fiskeflåten.

Prisrekord

Den førebelse prisrekorden for ringnotkvotar kom i sommar, i følgje Janson. 70 millionar kroner per 100 basistonn verdset dei samla kvotane til ringnotflåten til over 28 milliardar kroner.
Lønsemda har både ført til mange nybygg og høge inntekter for mannskapet ombord.
Gjennomtrekken blant mannskapet er heilt minimal, det typiske er at folk står ombord til dei når pensjonsalderen, i følgje Smådal.

Ulike posisjonar

Dei ulike ringnotreiarane har ulike posisjonar. Nokre har kjøpt seg opp til maksimal tilleten kvote på fartyet eller fartya sine og er avhengig av eir regelendring for å større kvote. Andre kan framleis kjøpe seg meir kvote på det - eller dei - fartya dei har. Denne skilnaden kan vere med og forklare usemja fiskebåteigarane i mellom, i følgje Smådal.
Dessutan er det slik at skal struktureringa halde fram må nokre ut av fiske, alle kan ikkje vere med.

Går ikkje rundt, men...

Dersom ringnotreiaranae skulle forsvare ein pris på kvotene på 70 millionar kroner pr. 100 basistonn ville lønsemda i flåten bli skral.
- Då ville det ikkje gå rundt, slik kvoten er i dag, seier reknskapsførar Gunnar Sævik i reknskapsbyrået Skipsreknskap i Herøy.
Men for reiarane er reknestykket annleis. Deira kostpris for kvotane dei sist med ligg lang under 28 milliardar kroner.
Rundt to tredjepartar av kvotene dei sit med har ikkje kosta noko, det er ein arv dei hadde med då strukturering av flåten starta. Resten er kjøpt over fleire år, mesteparten til langt lågare prisar enn i dag, anslår Sævik.
Sævik sitt anslag er at den samla investeringa dagens reiarar har gjort i kvoter i den norske ringnotflåten er rundt fem milliardar kroner.
Det positive med strukturdebatten er at den får opp engasjementet, på godt og vondt.

Publisert: 02.12.2013 06:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30