Dramatisk kvalitetsforverring paa kvitfisk
KVITFISK: Nofima med sjokktal om kvaliteten i kvitfisknæringa, mykje på grunn av mangelfull bløgging. Her frå standen på Nor-Fishing.
Nytt

Dramatisk kvalitetsforverring på kvitfisk

På fiskerimessa i Trondheim presenterte matforskingsinstituttet Nofima urovekkjande tal over kvalitetutviklinga på torsk, hyse og anna råstoff i kvitfisksektoren.

Administrator
20.08.2014
Forverringa har vore dramatisk, og ifylgje seniorforskar Sjurdur Joensen ved Nofima kan mykje av kvalitetsproblema forklarast med for dårleg bløgging.
Ei stor undersøking som Nofima utførde i februar i år viser at 44 prosent av snurrevadtorsken og 37 prosent av garntorsken er så dårleg blodtappa at den kan karakteriserast som ubløgga.
Også torsk fiska med line kan karakteriserast som «ubløgga», medan juksatorsk viser seg å vere godt utblødd.

Snurrevad og trål verstingane

Ifylgje Nofima er trål og snurrevad verstingane når det gjeld å levere dårleg utblødd fisk, men problemet er tydeleg også for garnfanga fisk.
Nofima konkluderer med at det er liten eller ingen effekt av bløgging som skjer tre timar eller meir etter opptak, og større fangstmengder og redusert bemanning på båtane gjer at det kan gå langt meir enn tre timar frå fisken kjem om bord til den blir bløgga, slår Nofima fast.
Kva kan så gjerast for å få bukt med problema?
Svara frå Nofima er:
• Avpasse fangstemengd etter bløggekapasiteten
• Auka bløggekapasitet ved auka bemanning og effektive bløggelinjer
• Halde fusken levande i reiskapen eller i tankar fram til bløgging

Produksjonsbedriftene taper

Nofima kan gjennom rekneeksempel slå fast at betre kvalitet på fisken kan ha mykje å seie for fortenesta i fiskeindustrien.
Problemet for industrien er at kvalitetsfeil ofte ikkje blir oppdaga før fisken kjem på land og går i produksjon til filet eller saltfisk. Produksjonsbedriftene er difor ofte den som taper på dårleg kvalitet.

Stort potensiale for verdiauking

Nofima har sett på dekningsbidraget og slår fast at for linefanga hyse kan det variere frå om lag 30 øre i pluss for den feilfrie fisken til fem kroner i minus for den sjødaude hysa. For linefanga torsk er det også store skilnader mellom topp og botn, og det er store skilnader mellom line- og garnfanga torsk.
Kvalitetsfeil på fisk kan ifylgje Nofima heilt klart reduserast slik at fortenesta aukar. Berekningar frå ei hypotetisk øving viser at dersom fiskebruka fekk råstoff av optimal kvalitet, ville dekningsbidraget auke med 35 øre kiloen for linefanga torsk og 58 øre kiloen for torsk fanga med garn.
For eit fiskebruk som kjøper inn 2.000 tonn fisk i året, vil kvalitetsforbetringa kunne utgjere mellom 700.000 og 1,2 millionar kroner ekstra på botnlinja.
I saltfiskproduksjonen synest potensialet å vere enda større enn i filetproduksjonen med ei forbetring i dekningsbidraget på høvesvis 42 og 98 øre kiloen.

Publisert: 20.08.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36