Pal anders karstad Peak Maloy foto Ogne
MØTEPLASS: Frå toppetasjen frå det tidlegare fryselageret i Måløy er det panoramautsikt over byen. Eigedomsinvestor Pål Anders Kårstad arbeider no med sal eller utleige av bygget, etter at det ikkje blir noko av ombygging til kontorbygg og møteplass for næringslivet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stopp for Peak Måløy

Ei tidlegare fryselager i Måløy sentrum skulle bli kontor for ei rekkje bedrifter og ein ny møteplass for næringlivet. Slik gjekk det ikke.

17.06.2024

- Det blir ikkje Peak Måløy. Punktum.

Det seier eigedomsinvestor Pål Anders Kårstad i selskapet Peak Måløy, der han er medeigar og dagleg leiar. Peak Måløy er en del av Peak Property-konsernet.

I 2021 tok Kårstad Nett No med på omvisning i det tidlegare fryslageret, som då sto tomt og vart klargjort for ombygging til kontor og fellesareal.

Fleire kjende bedrifter og verksemder i Måløy hadde signert intensjonsavtale om å flytte inn i det nye bygget; Localhost, PWC, Whereby, MMR Ocean Blue, Ecobait, Azets, Mørenot, Måløy Vekst og Fagskulen i Sogn og Fjordane.

- Det vi ønskjer å bygge her er ei næringsklynge. Når du i dag skal rekruttere unge nytilsette så betyr miljø svært mykje og kan vere avgjerande i rekrutteringssamanheng, sa Kårstad.

Ombestemte seg
I 2022 ombestemte Fagskulen seg, og ville bli verande ved Måløy Vidaregåande skule, på fastlandet omlag fem kilometer køyretur aust for Måløy sentrum.

- Når vi miste dei vart prosjektet mykje meir usikkert. Då datt ein veldig viktig del av leigetakarmassen bort, seier Kårstad.

I tillegg kom rente- og kostnadsauken.

- Eigedom er veldig rentesensitivt, seier Kårstad.

Utfallet blei at byggeplanane i Måløy er lagt vekk.

Peak Maloy ill peak maloy 452393f9122041e91205caa465b1472b
OPNAR OPP: Det tidlegare fryselageret skulle opnast opp med fleire vindu og ombygging mellom dei to fløyane. I tillegg skulle kaia som høyrer til gjerast attraktiv for dei nye leigetakarane.. Målet var innflytting i 2024. Illustrasjon Peak Måløy.

Sal eller utleige
No arbeider Peak Måløy både med å selje og leige ut bygget til andre formål. Begge alternativa blir vurdert, og kva som blir utfallet er ikkje avgjort, ifølgje Kårstad.

Han anslår at Peak Måløy har brukt 13-14 millionar på kjøp og arbeid for å klargjere bygget for ombygging.

Kårstad besøkte også Ulsteinvik for å sondere marknaden for eit Peak-bygg der, men det blei med besøket.

I dag har Peak Property-konsernet eitt Peak-bygg i drift. Det ligg i Førde og har omlag 35 bedrifter som leigetakarar, fordel på 4000 kvadratmeter. Selskapet dreiv og eit liknande kontorfellesskap i Florø og ønskte å kjøpe bygget det held til i, men huseigaren i Florø valde heller å kjøpe drifta og drive kontorfellesskapet vidare i eigen regi.

Publisert: 17.06.2024 08:32

Sist oppdatert: 17.06.2024 08:32

Mer om