Då hurtigbåtverftet Brødrene Aa gjekk konkurs i fjor hadde selskapet mellom anna ein sightseeingsbåt til Rødne under bygging.
Etter at Aa-familien gjekk inn med friske pengar og starta båtbygging i Hyen på nytt har det vore arbeidd for å få bygd det uferdige fartøyet ferdig - slik at Rødne kunne få det.
Det blei ikkje noko av.
– Vi kom ikkje i mål, seier dagleg leiar Lars A. Rødne i Rødne om samtalane om å få båten bygd i Hyen.
Bygging på Stord
Det var fleire faktorar som skapte uvissa som gjorde at Rødne valde å få båten bygd hos Oma Båtbyggeri på Stord i staden, mellom dei uvisse når båten kunne leverast, ifølgje Rødne.
Oma Båtbyggeri skal levere den 39 meter langa katamaranen til 140 millionar kroner i andre kvartal 2027, tidsnok til høgsesongen. Båten blir bygd i aluminium og får plass til 282 passasjerar. Den skal frakte turistar på tur, med Bergen som base.
Båten skal kombinere diesel og batteridrift, og legge om til rein elektrisk drift når infrastrukturen for å gjere det er på plass, ifølgje ei pressemelding.
Kansellering
Det var ferje- og hurtigbåtreiarlagte Norled si kansellering av tre hurtigbåtar reiarlaget hadde under bygging hos Brødrene Aa som var den utløysande årsaka til konkursen i fjor. 168 tilsette vart råka.
Konkursen stoppa også fullføringa av ein båt til Fjord 1 og ein til reiarlaget Rødne.
Etter at det blei nye start i Hyen er ein av Norled-båtane under ombygging til Geiranger Fjordservice, og Fjord 1-båten under fullføring til nettopp Fjord 1.
Publisert: 16.03.2026 13:25
Sist oppdatert: 16.03.2026 13:25






