Brodrene Aa hoved foto Arve Svenning LYSERE
KONKURS: Hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen har vore den største private arbeidsgivaren i Gloppen-bygda med 160-170 tilsette. No melder selskapet oppbod. Foto: Arne Svenning
Nytt

Konkurs for hurtigbåtverft

Brødrene Aa melder oppbod.

Marius Rosbach
30.05.2025

Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melder oppbod, opplyser selskapet i ei pressemelding fredag. 

Bakgrunnen er dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.

– Selskapet har gjennom dei siste månadene arbeidd intensivt med å finne ei løysing for vidare drift. Trass i omfattande dialog mellom partane har det ikkje lukkast å kome fram til ei berekraftig løysing, og selskapet står no utan evne til å handtere situasjonen vidare, blir det opplyst. 

Meldinga om oppbod vert ifølgje selskapet sendt til Sogn og Fjordane tingrett. Tingretten vil behandle saka og oppnemne ein bustyrar. 

– Styret beklagar dette djupt overfor dei tilsette, kundane og leverandørane våre, heiter det vidare i meldinga. 

Forseinka med rekordoppdraget
Tidleg i april vart det kjent at verftet vurderte å permittere tilsette, fordi Norled varsla at dei ville kansellere kontrakten på den første av tre båtar. 

Seinare blei det klart at Norled kansellerte alle dei tre båtane – som i si tid utgjorde ei rekordstor kontrakt for verftet. 

Den første av tre båtar skulle vore levert i fjor, men blei forseinka. Norled opplyste også at årsaka til kanselleringa var at fartøya ikkje gjekk fort nok. 

Fleire involvert for å sikre vidare drift
Fleire aktørar har vore involvert i arbeidet med å berge vidare drift for hurtigbåtverftet som har anlegg i Hyen og Eikefjord.

Fjord1, Sparebank 1 Sogn og Fjordane og hurtigbåtreiarlaget Rødne var med i samarbeidet som sikra ei mellombels drift.

No blir truleg alle dei 160-170 tilsette ståande utan arbeid. 

Overskot etter fleire år med underskot
I 2023 gjekk Brødrene Aa med eit 5,2 millionar kroner i overskot av eit inntekt på 466 millionar krone,  etter fleire år med betydlege underskot

Då 2023-rekneskapen vart offentleg i fjor sommar, venta selskapet at 2024-resultatet ville bli vesentleg betre.

Familien Aa hadde knappe 60 prosent av aksjane i verftsselskapet, medan kinesiskeigde CKS Investment Norway eigdekring 40 prosent.

Bakgrunn: Erobra verdsmarknaden med karbonbåtar

Publisert: 30.05.2025 13:22

Sist oppdatert: 01.09.2025 14:58

Mer om