Bent høie foto ntb scanpix 11
KAN LEGGJAST BORT: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) med ein meterstokk under ein pressekonferanse i samband med koronasituasjonen 17. juni 2020. Foto: Terje Pedersen / NTB
Nytt

Droppar einmeteren frå laurdag

Fjerner innreiserestriksjonar og avstandskrav - men Høie knekte ikkje tommestokken.

24.09.2021

(NPK-NTB): Laurdag blir det ein meir normal kvardag i Noreg når samfunnet gjenopnar omtrent for fullt.

– Dette er ein merkedag, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har tilrådd regjeringa å gå vidare i gjenopningsplanen sin i månadsskiftet september/oktober. Regjeringa følgjer deira tilråding.

Det betyr mellom anna at meterkravet blir avvikla, restriksjonar knytt til arrangement og samankomstar oppheva, og at innsleppsstopp og krav om bordplassering på serveringsstader forsvinn.

– Kortversjonen av dette: No kan vi leve som normalt, sa Solberg, som takka alle som bur i Noreg for innsatsen.

– Det kan bli bruk for han igjen,
Helseminister Bent Høie (H) ville likevel ikkje knekkje tommestokken.

– Mange seier sikkert at no bør vi knekkje han og kaste han vekk. Det kjem eg ikkje til å gjere. Eg foldar han fint saman og tek godt vare på han, for det kan bli bruk for han igjen, sa Høie på pressekonferansen fredag, før han fint pakka saman tommestokken han hadde teke med seg.

Vidare har regjeringa varsla at dei vil fjerne regelen som hindrar utlendingar å komme til Noreg.

Samtidig vil det framleis vere krav om at ein skal isolere seg viss ein har covid-19, og trafikklysmodellen er utgangspunkt når det gjeld smittevern i skular og barnehagar.

Sjå pressemelding på regjeringen.no (ekstern lenke)

Lempar på innreisereglar
I tillegg til å fjerne restriksjonar innanlands, så blir det òg frå laurdag klokka 16 lempa på innreisereglane til Noreg. Innreiserestriksjonar frå EU/Schengen, Storbritannia og såkalla lilla land blir oppheva, reisande frå oransje område og barn under 18 år må ikkje lenger i innreisekarantene.

Vidare blir karantenehotell fjerna som krav, men skal halde fram som eit tilbod for dei som ikkje har ein eigna karantenestad, og Utanriksdepartementets reiseråd som frårår alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til land utanfor EU/EØS, Storbritannia og Sveits, blir ikkje forlengde når det går ut 1. oktober.

Framleis nokre råd
Trass i at restriksjonane i samfunnet blir lempa på, vil det framleis vere krav om at ein skal isolere seg om ein har covid-19, og trafikklysmodellen er utgangspunkt når det gjeld smittevern i skular og barnehagar.

Personar som får symptom på luftvegsinfeksjon, bør framleis teste seg. Det gjeld òg vaksinerte.

– Vi opprettheld òg dei råda vi har vorte så godt kjende med: Om å vaske hendene ofte, hoste i eit lommetørkle eller i olbogekroken og halde oss heime viss vi er sjuke, seier Solberg.

Innført mars 2020
Ved nedstenginga 12. mars 2020 sa regjeringa at alle utestader og arbeidsplassar som blir haldne opne, må kunne sørgje for éin meter mellom besøkjande. Nær to veker seinare, 24. mars 2020, innførte regjeringa krav om at folk må halde avstand på to meter til andre personar innandørs og éin meter utandørs. På dagen eitt og eit halvt år seinare blir det klart at alle avstandskrav omsider stansar.

Avstandskravet har vore eit av dei viktigaste av koronatiltaket til regjeringa gjennom pandemien. Næringslivet har vore ivrige etter å oppheve dette kravet, sidan det mellom anna vil opne for fleire publikummarar på arrangement, auka kapasitet på utestader og i butikkar.

Publisert: 24.09.2021 12:48

Sist oppdatert: 24.09.2021 13:15

Mer om