- Slik det ser ut til no er det usikkert om vi kjem til å gjere noko med denne saka i det heile, seier Per Sævik.
Då Sævik tok , gjorde han det klart at han ønskte å ta opp kampen med Hurtigruten om å trafikkere kystruta Bergen- Kirkenes.
Avgjerande var då at Samferdsledepartementet i tilbodskonkurransen delte oppdraget opp i mindre bitar.
Tilbodskonkurransen har frist 3. januar neste år, og rutene vil bli tildelte i løpet av mars 2018.
Oppstart av drifta skal skje seinast 1. januar 2021. Den samla drifta av kystruta inneber daglege, heilårlege og gjennomgåande seglingar mellom 34 angitte hamner på strekninga.
Les tilbodsdokumentet i Doffin.
Mellom anna er det sett på ulike typer design på nye skip til å trafikkere strekninga.
Men no kan det ende opp med at ingen av partane leverer tilbod.
- Vi får sjå, konklusjonen er ikkje endeleg trekt, seier Sævik.
Derimot gjer Hurtigruten det klart at selskapet uansett vil vere ein stor reiselivsaktør langs kysten.
- Vi vil då truleg ikkje anløpe alle 34 stadane, men sjølv kunne velje kva område vi ønskjer å vise våre gjestar.
- Vi vil også gi alle på kysten knallhard konkurranse, slik vi konkurrerer med utanlandske cruisereiarlag i dag, seier kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten i Hurtigruten til Klassekampen.
– Det er klart at det å frakte lokalpassasjerar langs kysten er ein stor del av vårt DNA. Det har vi gjort i 125 år, og det ønskjer vi i utgangspunktet å fortsette med, seier Bjørnflaten.
Hurtigruten har også gjort det klart at dersom andre selskap enn dei vinn konkurransen, vil nye aktørar ikkje kunne kalle seg for Hurtigruten ettersom dagens Hurtigruten AS eig det namnet.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har opplyst at kontraktane skal tilbydast leverandørar med lavast pris. Men det vert stilt ei rekkje krav, mellom anna krav om 25 prosent reduksjon i CO2-utslepp.
I tillegg er det truleg at det vert bygt ytterlegare to skip ved Kleven, noko Hurtigruten- og Kleven-aksjonær Petter Stordalen gjorde det klart på eit allmøte på Kleven denne veka.
Då Sævik tok , gjorde han det klart at han ønskte å ta opp kampen med Hurtigruten om å trafikkere kystruta Bergen- Kirkenes.
Avgjerande var då at Samferdsledepartementet i tilbodskonkurransen delte oppdraget opp i mindre bitar.
Må innom 34 hamner
Det siste har skjedd, ved at tilbodet er delt i tre pakkar; ein pakke på tre ruter og to pakkar på fire ruter.Tilbodskonkurransen har frist 3. januar neste år, og rutene vil bli tildelte i løpet av mars 2018.
Oppstart av drifta skal skje seinast 1. januar 2021. Den samla drifta av kystruta inneber daglege, heilårlege og gjennomgåande seglingar mellom 34 angitte hamner på strekninga.
Les tilbodsdokumentet i Doffin.
Utvikla nytt design
Sævik sitt familieselskap Havila Holding har i lengre tid sett på ulike løysingar for eit eventuelt tilbod, anten i eigen regi eller i regi av Fjord1, der Sævik har aksjemajoriteten.Mellom anna er det sett på ulike typer design på nye skip til å trafikkere strekninga.
Men no kan det ende opp med at ingen av partane leverer tilbod.
- Vi får sjå, konklusjonen er ikkje endeleg trekt, seier Sævik.
Vil konkurrere uansett
Til opplyser dagens aktør, Hurtigruten, at det heller ikkje er sikkert at dette selskapet kjem til å delta i tilbodskonkurransen.Derimot gjer Hurtigruten det klart at selskapet uansett vil vere ein stor reiselivsaktør langs kysten.
- Vi vil då truleg ikkje anløpe alle 34 stadane, men sjølv kunne velje kva område vi ønskjer å vise våre gjestar.
- Vi vil også gi alle på kysten knallhard konkurranse, slik vi konkurrerer med utanlandske cruisereiarlag i dag, seier kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten i Hurtigruten til Klassekampen.
- Vårt DNA
Ho legg likevel til at den lange historia med å frakte gods og passasjerar langs norskekysten forpliktar.– Det er klart at det å frakte lokalpassasjerar langs kysten er ein stor del av vårt DNA. Det har vi gjort i 125 år, og det ønskjer vi i utgangspunktet å fortsette med, seier Bjørnflaten.
Hurtigruten har også gjort det klart at dersom andre selskap enn dei vinn konkurransen, vil nye aktørar ikkje kunne kalle seg for Hurtigruten ettersom dagens Hurtigruten AS eig det namnet.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har opplyst at kontraktane skal tilbydast leverandørar med lavast pris. Men det vert stilt ei rekkje krav, mellom anna krav om 25 prosent reduksjon i CO2-utslepp.
Kleven-skip
Hurtigruten satsar stort på ekspedisjonscruise og har to skip under bygging hos Kleven; MS Roald Amundsen som skal leverast frå verftet neste år, og MS Fridtjof Nansen som kjem året etter.I tillegg er det truleg at det vert bygt ytterlegare to skip ved Kleven, noko Hurtigruten- og Kleven-aksjonær Petter Stordalen gjorde det klart på eit allmøte på Kleven denne veka.
Publisert: 28.09.2017 08:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14