Dyrevernarar urolege for bruken av reinsefisk
REINSEFISK: Millionar av fangsta og oppala leppefisk blir no sette til å beite lus av laks og aure i oppdrettsanlegga. Truleg det største dyrevelferdsproblemet vi har, meiner Dyrevernalliansen. 
Nytt

Dyrevernarar urolege for bruken av reinsefisk

Den aukande bruken av reinsefisk for å fjerne lus frå laks og aure i oppdrettsanlegga er truleg eitt av dei største dyrevelferdsproblema i Noreg i dag, meiner Dyrevernalliansen.

19.01.2018
NPK: Ifølgje tal frå det statlege sette oppdrettsnæringa ut 42 millionar reinsefisk i merdane i 2017, nesten dobbelt så mange som året før. Ulike artar leppefisk som berggylte og rognkjeks blir i aukande grad sett ut i oppdrettsanlegga for å beite lus av laksen, noko som har vist seg å vere meir effektivt enn å bruke kjemiske avlusingsmiddel.
Prisen dei små fiskane må betale, er likevel høg, meiner vitskapleg rådgivar Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.
– Vi ser at fiskane går gjennom utrulege lidingar i merdane. Det gjeld svolt og sjukdom i tillegg til at dei kan bli etne av laksen, seier Lybæk til NRK.
– Dei bruker reinsefisken berre for å fjerne lus, og vi et han ikkje sjølve. Dette er veldig spesielt og problematisk og ille for oppdrettsfisk og reinsefisk, meiner Lybæk.

– Meir enn eit verktøy

Informasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Noreg meiner tvert imot at næringa gjer mykje for å sikre velferda til reisefisken, mellom anna ved å gi dei eige fôr og overvake dei med kamera.
– Det er viktig for oss at reinsefisken ikkje berre er eit verktøy, han skal ha det godt òg. Vi kan bli mykje betre, det er det ingen tvil om. Dette har vi arbeidd med lenge, og det er no sett av nærare 30 millionar kroner i 2017 og 2018 til tiltak slik at fisken skal ha det godt i merdane, seier Haram til NRK.
Haram trur òg at tala frå Barentswatch er for høge, og meiner det truleg dreier seg om 37 millionar fisk. Han peikar òg på at fleire aktørar har byrja med gjenfangst av reinsefisk, og at fleire no arbeider med å utnytte reinsefisken som menneskemat.
Vi ser at fiskane går gjennom utrulege lidingar i merdane

Publisert: 19.01.2018 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17