Lengre dagar og meir dagslys får dessutan veksten til å skyte fart denne årstida.
Det er det marine proteinet han først og fremst er ute etter. Gjennom bioraffinering vil ein gjere proteinet tilgjengeleg for humant konsum, eller som fôr.
Gjennom prosjektet Integrert Akvakultur har Sulefisk og Salmon Group, interesseorganisasjon for 44 mindre, lokaleigde oppdrettsselskap, samarbeidd med Schipper sitt selskap Hortimare.
Dei har drive småskala vekst- og avlsforsøk med tare. Taren ein nyttar som dyrkingsgrunnlag, er henta i nærleiken av anlegget i Solund. Målet no er å få i gang meir industrielle forsøk, der ein nyttar ein oppskalerbar teknologi og får tilgang til større avlingar.
Ein planlegg no å utvide satsinga til fleire Salmon Group-anlegg langs kysten, opplyser informasjonsmedarbeidar Øyvind Kråkås i Salmon Group.
- Vi har blitt inspirerte og opplærte til å tenkje nye tankar rundt det å drive fiskeoppdrett. Samstundes har vi opplevd ei fantastisk interesse frå omgjevnadane. Vi har nyleg hatt ei gruppe studentar ved Bergen Tekniske Fagskole med ei fordjupingsoppgåve om dyrkings- og haustingsteknologi for tare, seier Kråkås.
Job Schipper er fagleg leiar og gründer for prosjektet, og han har stor på at ein kan få fram verdfulle produkt.
– Sjøprotein har blitt meir sjeldan i verda. Så vi utvinn sjøproteinar frå fisk, reker og liknande. No har vi ei plante som lagar sjøprotein direkte frå sollyset, seier Schipper.
Tare og oppdrett
Ved anlegget til Sulefisk AS i øyriket Solund ved utløpet av Sognefjorden, har det lokale oppdrettsselskapet, Salmon Group og gründer Job Schipper i Hortimare AS sidan 2010 samarbeidd for å utvikle taredyrking i tilknyting til oppdrettsanlegg.- Fisken produserer viktige næringsstoff som vi treng for å dyrke tare. Frå taren kan vi igjen ta ut protein, fortel Schipper til Salmon Group si heimeside.Til menneske
-Ved sidan av lengre dagar, har vi og nytten av ein større biomasse i oppdrettsanlegget. Ikkje berre veks taren, men han produserer og mykje protein no, seier Schipper.Det er det marine proteinet han først og fremst er ute etter. Gjennom bioraffinering vil ein gjere proteinet tilgjengeleg for humant konsum, eller som fôr.
Industrielle forsøk
Taren skal vekse fram til midten av mai, då blir han hausta.Gjennom prosjektet Integrert Akvakultur har Sulefisk og Salmon Group, interesseorganisasjon for 44 mindre, lokaleigde oppdrettsselskap, samarbeidd med Schipper sitt selskap Hortimare.
Dei har drive småskala vekst- og avlsforsøk med tare. Taren ein nyttar som dyrkingsgrunnlag, er henta i nærleiken av anlegget i Solund. Målet no er å få i gang meir industrielle forsøk, der ein nyttar ein oppskalerbar teknologi og får tilgang til større avlingar.
Ein planlegg no å utvide satsinga til fleire Salmon Group-anlegg langs kysten, opplyser informasjonsmedarbeidar Øyvind Kråkås i Salmon Group.
Tenkjer nye tankar
-Samarbeidet har vore spennande og konstruktivt for oss, seier Kråkås - sjølv frå Solund.- Vi har blitt inspirerte og opplærte til å tenkje nye tankar rundt det å drive fiskeoppdrett. Samstundes har vi opplevd ei fantastisk interesse frå omgjevnadane. Vi har nyleg hatt ei gruppe studentar ved Bergen Tekniske Fagskole med ei fordjupingsoppgåve om dyrkings- og haustingsteknologi for tare, seier Kråkås.
Job Schipper er fagleg leiar og gründer for prosjektet, og han har stor på at ein kan få fram verdfulle produkt.
– Sjøprotein har blitt meir sjeldan i verda. Så vi utvinn sjøproteinar frå fisk, reker og liknande. No har vi ei plante som lagar sjøprotein direkte frå sollyset, seier Schipper.
No har vi ei plante som lagar sjøprotein direkte frå sollyset
Publisert: 10.04.2014 10:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32






