Fredag var Høgre-politikar Mahmoud Farahmand på besøk i Ålesund, mellom anna for å få høyre om behovet for å utdanne fleire sjøfolk.
Bakteppe er eit stort behov for fagfolk i maritime bransjar, saman med ei storstilt satsing på nye fartøy til forsvaret – som også vil krevje betydeleg med personell.
Bodskapen frå aktørane på Nordvestlandet og Campus Ålesund er det må gjerast meir – og helst raskt.
– Det er nok heilt sant at vi må handle raskare og eg meiner at det ikkje skjer nok. Problemet er at all satsinga vi gjer på forsvaret, ikkje fungerer om ikkje også den sivile sektoren er med, seier Farahmand til Nett No.
Lukkar ikkje døra for øyemerking
Eit sentralt ønske frå eit nyoppretta samarbeid for maritim kompetanseberedskap i Ålesund, er at ein reknar maritim kompetanse inn som sivil infrastruktur.
Eit neste ønske er at det blir øyremerka midlar til å sikre fleire studieplassar til dei utdanningane det er behov for.
– Det kan vere ein del av løysinga, men eg er eigentleg litt kritisk til øyremerka midlar. Likevel ser eg behovet, seier Farahmand.
– Samtidig er det viktig å få belyst kor avgjerande dette er. Då trur eg at det er mogleg for fleire parti å kome saman om ei løysing, legg han til.

Meiner Ålesund har alle fordelane
I fjor blei det teke initiativ for å opprette fleire studieplassar for å utdanne fleire sjøfolk ved NTNU i Ålesund.
Det blei ikkje politisk fleirtal for å løyve meir midlar då, og regjeringa viste til at det var noko utdanningsinstitusjonane sjølv måtte løyse.
Resultatet førebels er at NTNU etablerte nokre få nye plassar, men ikkje det løftet ein meiner det er behov for. Samtidig er det rekordhøg søking til studia og mange som ikkje får plass.
– Det som er fordelen her i Ålesund er at man har et godt klyngesamarbeid med mange aktørar både frå privat og offentleg sektor. Det gjer at ein har alle dei fordelane som skal til for å utdanne dei sjøfolka som trengst, seier Farahmand.
– Vi må få fart på dette
I ein kommentarartikkel om temaet i fjor peika Nett No korleis krig og krise kan vere ein syretest for politikken si evne til å kome til raske nok avgjerder.
Farahmand meiner det ei utfordring politikarar må ta innover seg – og sørge for at ikkje prosessane tek for lang tid.
– Vi må få fart på dette og må presse på for at dette blir prioritert. For ein sjøfartsnasjon som Norge er maritim kompetanse heilt avgjerande, seier han.
– Må få fleire til å forstå alvoret
Stortingsrepresentant Monica Molvær frå Ålesund var med på besøket til Farahmand. Ho jobbar aktivt for å få fleire til å få auga opp for kva moglegheiter som finst på Campus Ålesund.
– Vi må få fleire til å forstå alvoret og at det vi kan tilby her på Campus Ålsund faktisk er ei nasjonal løysing, seier ho til Nett No.
Heller ikkje Molvær er i utgangspunktet tilhengar av øyremerka midlar: – Men vi kjem til eit punkt det vi er nøyd til å løyse utfordringane vi står i, legg ho til.
Publisert: 08.05.2026 13:42
Sist oppdatert: 08.05.2026 13:42





