Hareid Group innfelt olav haug vikebakk foto Marius
KRAFTIG VEKST: Prognosane til konsernsjef Olav Haug Vikebakk i Hareid Group tyder på at omsetninga når 1,5 milliardar i 2026. Årsaka er oppsving i maritim industri. Foto: Hareid Group/Maritime Forum
Nytt

Kraftig hopp i inntektene for Hareid Group

Konsernet ligg an til å gruse tidlegare rekordar. Det gir også utfordringar.

Marius Rosbach
08.05.2026

Høgkonjunktur i den maritime industrien gjer at Hareid Group ligg an til «all time high» omsetning med god margin i 2026. 

Etter at konsernet omsette for litt over ein milliard kroner i fjor, ligg det i år an til eit kraftig hopp til rundt 1,5 milliardar i år.

– Det er ein prognose, men vi ligg godt an, fortel konsernsjef Olav Haug Vikebakk til Nett No.

Utfordrande å finne arbeidskraft
Den store utfordringa for Hareid Group-sjefen er å rekruttere nok folk til å gjere jobben. Konsernet har for augneblinken ein rekke stillingar utlyst. 

– Det er kjekt med høg aktivitet, men det er også utfordrande å få tak på arbeidskraft. Så langt har vi likevel klart å få tak på dei vi treng, seier Vikebakk. 

– Vi får også inn ein del flinke kollegaer frå utlandet som hjelp oss med å ta unna, legg han til.

Jobbar meir effektivt
Eit anna grep for å kome i mål, er å jobbe meir effektivt.

Vikebakk fortel at ingeniørane deira i større grad tek i bruk teknologi for å hjelpe seg. 

– Det var ein tilsett som nyleg fortalde at han hadde brukt to dagar på ein jobb som normalt tek tre veker. Det er klart at vi som tradisjonell industri også må gjere oss nytte av den teknologien som finst, seier han. 

Fleire oppdrag for lokale verft
Høg aktivitet hos lokale verft er blant årsakene til auken for Hareid Group.

Konsernet har sikra seg oppdrag på ein rekke nybygg ved både Myklebust, Ulstein og Larsnes. Nyleg sikra dei seg nok eit oppdrag med levering på elektroinstallasjonar til ein ny brønnbåt som Rostein skal bygge. 

– Dei lokale verfta er svært viktige for oss, seier Vikebakk. 

Samtidig opplever konsernet oppsving for sitt dotterselskap i Polen. Her gir kontraktar til forsvarsmarknaden som gir boom i aktiviteten. 

Står sterkare enn nokon gong
Hareid-konsernet har fleire bein å stå på med elektroinstallasjonar til bygg og anlegg på land, i tillegg til varehandel med fleire Elkjøp-butikkar i porteføljen.

Prognosen for 2026 kom fram då konsernsjef Olav Haug Vikebakk deltok på eit seminar om eigarskap i Ålesund denne veka. 

Då la han også fram tal som viste korleis eigenkapitalen i konsernet no er sterkare enn nokon gong, etter nokre tøffe år i kjølvatnet av offshorekollapsen i 2014. 

Vikebakk tør ikkje no spå om lønnsemda held seg på same nivå som dei siste åra.

Andreas Mork Ann Magritt Bjastad Vikebakk seminar Pir foto
ÅLESUND: Under eit seminar på Pir i Ålesund denne veka fortalde Ann Magritt Bjåstad Vikebakk om vurderingane eigarane i Hareid Group gjorde før salet til Awilhelmsen, der Andreas Mørk er investeringsdirektør. Foto: Marius Rosbach

Fortalde om dilemma ved aksjesal
Også Ann Magritt Bjåstad Vikebakk som er dagleg leiar i HG International og ein av eigarane, deltok på seminaret i Ålesund. 

Ho fortalde om kva dilemma eigarane stod i, då dei fekk inn investeringsselskapet Awilhelmsen som ny storeigar i fjor. 

– Det var mange ulike tankar, men vi forstod at det ville krevje veldig mykje av oss å halde fram på eiga hand, sa Bjåstad Vikebakk.

Publisert: 08.05.2026 08:44

Sist oppdatert: 08.05.2026 08:44

Mer om