Dårleg børsår på Nordvestlandet
Berre fire av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet har stige i verdi hittil i år.
I morgon, torsdag 26. oktober, startar Sparebanken Møre resultatsesongen for 3. kvartal for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Banken er som regel først ute med å rapportere kvartalstal.
I løpet av dagen skal administrerande direktør Trond Lars Nydal møte analytikarar, investorar, presse og andre interesserte i Oslo, ein time etter at børsmeldinga med kvartalsrapporten blir sendt ut klokka sju.
I år heng vi etter og vi jobbar med å snu det
Treffe folk
– Det handlar om nettverk, å treffe folk, at dei skal bli kjent med oss, seier Nydal om poenget med å halde ein fysisk presentasjon, i staden for å berre sende ut ein kvartalsrapport.
Spesielt 2021 blei eit bra år for banken, som brukar summen av kursutvikling og utbetalt utbytte for å måle seg mot andre bankar.
I år er banken blant selskapa med minus som forteikn framfor kursutviklinga hittil i år (sjå tabell under).
- Det er vi sjølvsagt ikkje fornøgd med. I år heng vi etter og vi jobbar med å snu det, seier Nydal.
(saka held fram under)
Tidlegare resultater for børsselskapa frå nordvest:
Les også
Mest minus blant børsselskapa første halvår. Sjå resultatoversikt.
Aksjekursen i Endur og Nortel har stige over 35 prosent i år, like mykje som Statt Torsk har falle.
Kursfall for åtte av 15 børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Og i år er det børsnedgang for fleirtalet av selskapa i nordvest.
Fire i pluss
Ved utløpet av 2022 var det fire av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet som hadde hatt kurstigning, med offshorereiarlaga Havila Shipping (+ 199 prosent) og Golden Energy Offshore Services (+ 68 prosent) i spissen.
Etter at selskapa på Nordvestlandet var ferdig med å legge fram 1. kvartalstala sine i år, i juni, hadde seks av dei ei positiv kursutvikling sidan starten av 2023.
Etter at 2. kvartalstala var klare i september hadde fem selskap hatt ei positiv kursutvikling. Eitt av desse var mobiltelefonselskapet Nortel, som like etter blei tatt av børs etter å ha blitt kjøpt opp.
Før børsen opnar onsdag har fire selskap hatt ei positiv kurutvikling så langt i år; Hexagon Composites, Aretec Aqua-eigar Endúr, Hav Group og Golden Energy Offshore Services.
Utviklinga til børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
Selskap | Endring i prosent | Verdi i mill. Kroner |
Hexagon Composites | 19,48 % | 5141,0 |
Endúr | 13,08 % | 1265,0 |
Hav Group | 5,41 % | 313,6 |
Golden Energy Offshore Services | 0,16 % | 599,0 |
Hofseth Biocare | -16,41 % | 1086,0 |
Eqva (tidl. Havyard Group) | -6,46 % | 198,0 |
Sparebanken Møre | -7,72 % | 3850,0 |
Havila Shipping | -22,46 % | 228,3 |
Arctic Bioscience | -24,07 % | 227,3 |
Salmon Evolution | -28,42 % | 2451,0 |
Norva 24 Group* | -44,89 % | 3228,3 |
Hexagon Purus | -47,34 % | 3017,0 |
Statt Torsk | -74,63 % | 91,2 |
Atlantic Sapphire | -81,43 % | 1077,0 |
Havila Kystruten | -91,91 % | 751,6 |
*I svenske kroner |
Publisert: 25.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 24.10.2023 23:03