Ronja Mistral Dåp foto Marianne Havnevik Mittet
SKANSEKAIA: Sølvtrans-sjef Robin Halsebakk, kaptein Kristian Lundekvam, konsernsjef Linda L. Aase i Bremnes Seashore - som var gudmor og verftsdirektør Bjørn Magne Aas fra Aas Mek. Verksted. Foto: Marianne Havnevik Mittet
Nytt

Døypte ny brønnbåt for smolt

Sølvtrans meiner spesialfartøy er eit godt grep for at sjømatbransjen skal unngå trøbbel med fisken.

Marius Rosbach
04.12.2023

Brønnbåtreiarlaget Sølvtrans døypte i helga sin nyaste båt Ronja Mistral ved Skansekaia i Ålesund.

Båten blei levert frå Aas Mek Verksted allereie i august og har vore i arbeid sidan. Det er den 37. båten i rekka frå Vestnes-verftet til reiarlaget i Ålesund.

– Den har fått køyrt seg inn og fungert fantastisk bra, men det er først no vi hadde tida til å gi den namn, fortel kommunikasjonsansvarleg Harald Tom Nesvik i Sølvtrans til NETT NO.

Brønnbåten har to tankar på kring 3000 kubikk, som kan frakte fisk – og utstyret er spesiallaga til å handtere ungfisk.

Ronja Mistral skansekaia Foto sverre lorgen øvrelid
DÅP: Brønnbåten Ronja Mistral ble døypt ved Skansekaia i Ålesund laurdag. Om bord er det mellom anna utstyr frå Brunvoll og Kongsberg Maritime. Sølvtrans har fire båtar til i ordreboka. Foto: Sverre Lorgen Øvrelid

Skal berre frakte smolt
Nesvik fortel at den nye brønnbåten berre skal ha ungfisk om bord.

– Smolten er den absolutt viktigaste for oppdrettsselskapa, og vi har satsa på å bygge spesialfartøy på dette feltet. Då er vi 100 prosent sikre på at det ikkje er smitteberarar om bord, seier han.

Nesvik legg til at brønnbåten også har utstyr for desinfisering og reinsing av vatnet om bord, samtidig som fisken blir transportert i det lukka systemet som Sølvtrans har utvikla for fartøya sine.

Han meiner den beste måten å unngå tilsvarande sjukdomstilfelle som næringa har sett i det siste, er å sikre at fisken blir handtert med den beste teknologien tilgjengeleg.

Eigenutvikla sorteringsbord
Om bord i Ronja Mistral er det også ei anna nyvinning, eit sorteringsbord som Sølvtrans-reiarlaget har utvikle sjølv.

På ein skånsam måte skal dette fordele fisken etter ulike storleiker. Det gjer igjen at oppdrettsselskapa kan sikre at fisken som i merdane, er om lag lik storleik.

– Det er noko kundane våre er blitt meir opptekne av, og slik vi kjem til å bli målt meir på i framtida, meiner Nesvik.

Skal bygge fire båtar til
Sølvtrans-reiarlaget har framleis fire brønnbåtar i ordreboka eller under bygging.

Nesvik kan ikkje seie noko om utsiktene til at reiarlaget vil bestille fleire båtar etterpå.

Han seier samtidig at dei opplever større press på rammevilkåra for bransjen og viser mellom anna til diskusjonen om reiarskatten.

– Vi håpar at politikarane frå kysten står opp for kystnæringane, slik at vi ikkje får dårlegare rammevilkår enn dei frå andre land. Det er eit varsko om at styresmaktene må ta vare på norske arbeidsplassar, meiner Nesvik.

Publisert: 04.12.2023 15:02

Sist oppdatert: 04.12.2023 16:00