Sjømatnæringa skjerpar seg
Slik vil Sjømat Norge betre drifta og styrke omdømmet.
Administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark, presenterte torsdag ei tiltakspakke for fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) og Mattilsynet.
Bakgrunnen for møtet er fleire brot på regelverket i sjømatnæringa.
– Havbruk er eit kontinuerleg forbetringsarbeid og no er tida inne for å ta grep i lys av ei rekke enkelthendingar, seier administrerende direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark i ei pressemelding.
– Etterleving av regelverket må bli betre. Havbruk er ei gjennomregulert næring. Vår oppleving er at regelverket er tilstrekkeleg, men at etterlevinga av dette ikkje er god nok i alle verksemder, seier Ystmark.
Sjømat Norge har tatt grep for å betre situasjonen og sikre at regelverket blir forstått og følgd utan unntak, heiter det i meldinga.
Forbrukarbekymring
Det har vore mykje merksemd rundt bruken av bløggebåtar og spesielt utfallet av ein inspeksjon Mattilsynet gjorde på Lerøy Seafood Group sitt anlegg på Hitra.
Mattilsynet meinte død laks vart sendt til slakting og la ned forbod mot vidare slakting og omsetning, fortalde NRK i ein reportasje.
Dette har ført til uro og bekymring hos forbrukarane.
Sjømat Norge organiserer mellom anna bedrifter i oppdrettsbransjen.
– Vi forstår godt uroa som har oppstått, seier Ystmark i pressemeldinga.
Klargjering av slakteprosess
På bakgrunn av dialog med Mattilsynet er Sjømat Norge no i ferd med å avslutte arbeid med ei skriftleg klargjering av nødslakteprosessen.
– Det vil no settast i verk kursing av medlemsbedrifter i systematisk kvalitets- og risikostyring, som vil vere relevant for all risikohandtering langs heile verdikjeda, heiter det i pressemeldinga.
Vil løfte fisken si helse
Sjømat Norge kjem óg med tiltak for betre fiskehelse og smittespreiing.
Næringa skal sikre produksjon av smittefri smolt (ungfisk) og unngå smitte ved utsetting av smolt.
I tillegg skal dei redusere smittespreiing mellom anlegga og dei ulike områda, og minimere smitta frå slakteria.
– Havbruksselskapa skal samarbeide regionalt. No skal det utarbeidast regionalt forankra gjennomføringsplanar, seier Ystmark.
Sjømat Norge vil også etablere dialog med Statens Legemiddelverk for å gjere det enklare å godkjenne nye vaksiner, for å unngå at fisken blir sjuk.
Publisert: 23.11.2023 15:39
Sist oppdatert: 23.11.2023 16:05