Vidar skjørli salmon evolution foto daniel krokå 11
STORT PROSJEKT: Vidar Skjørli leier rekrutteringa i Salmon Evolution som bygger sitt første oppdrettsanlegg på land sør for Bud. Dei enorme tankane bak Vidar skal fyllast med tusenvis av laks. Foto: Daniel Krokå
Nytt

Bygger tverrfaglege team

Det trengst langt meir enn nokre røktarar til å drette opp laks på land. Vidar Skjørli har ansvaret for å rekruttere vidt ulike fagfolk.

Marius Rosbach
30.12.2021

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Før Salmon Evolution har slakta sin første laks er selskapet mellom dei store drivarane for ny sysselsetting på Nordvestlandet. No jobbar dei med å bygge eit av dei største oppdrettsanlegga verda har sett på land. Og det er vel å merke berre første skritt på vegen.

– Vi vil trenge eit mangfald av ulik type kompetanse. Biologien ligg framleis i botnen, men vi rekrutterer folk med ulike bakgrunnar, fortel Vidar Skjørli.

Frå driftsoperatør til marinbiologar
31-åringen leier arbeidet med å finne nye tilsette for det børsnoterte selskapet.

Han treng alt frå folk med kunnskap om fiskelogistikk og fagbrev i mekanikk og automasjon, til marinbiologar og ingeniørar med spesialkunnskap om datafangst. Folk med bakgrunn frå prosessindustrien står også høgt på ønskelista.

Vidar starta med å rekruttere driftsoperatørar til Indre Harøy og smoltanlegget til Kraft Laks i Volda – ei familiebedrift som blei kjøpt opp for å sikre tilgang til ungfisk.

(saka held fram under)

Vidar skjørli salmon evolution foto daniel krokå 22
OPPDRETT PÅ LAND: – Det som er litt spesielt med Salmon Evolution, er at vi både driv landbasert industri, samtidig som vi er eit oppdrettsanlegg, fortel Vidar Skjørli. Foto: Daniel Krokå
Eg kunne ikkje tenkt meg å jobbe i eit kulare selskap uansett kvar eg budde
Vidar Skjørli
Søkjarar frå olje- og gassindustrien

Ut frå søknadane trur han mange har fått med seg at det er behov for kompetanse frå andre bransjar.

– Vi får alt frå unge som har ferske fagbrev, til dei med masse erfaring, som ønsker å vere med på å utvikle potensialet i landbasert oppdrett av laks. Vi ser også at det kjem ein del søkarar frå olje- og gassindustrien, fortel han.

I rekrutteringa vil Salmon Evolution knyte kontakt med NTNU i Ålesund og Trondheim, NMBU på Ås og ulike fiskeriutdanningar. Samtidig jobbar dei med å få på plass internship-program for ulike fagområde.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Fekk opna auga for regionen
Salmon Evolution har ambisjonar om å vekse utomlands. Den første kontrakten på eit anlegg i utlandet kom frå Sør-Korea. Då vil det vere behov for tilsette til å reise ut for å jobbe på prosjektet.

Moldensaren som leier rekrutteringa, har sjølv budd i både Trondheim, New York og London, før han starta å jobbe i Bergen. Valet om flytte heim var enkelt, då han kom til det tidspunktet i livet då det var aktuelt å etablere familie.

– Då fekk eg opp auga opp for alt det spennande som skjer i regionen. Det er faktisk overraskande mykje, og eg kunne ikkje tenkt meg å jobbe i eit kulare selskap uansett kvar eg budde, avsluttar han.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 30.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 29.12.2021 19:10

Mer om