Thorstein Viseth Jets foto marius 22
ETTERTRAKTA: Eit halvår før Thorstein Viseth var ferdig med utdanninga, hadde han tre jobbtilbod. Han har ikkje blitt mindre ettertrakta sidan, men har gjort eit bevisst val om å flytte til heimtraktene. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tok med erfaring heim

Thorstein ville gjere oljeutvinning meir miljøvenleg. Han jobbar framleis med å flytte «ting i rør», men på eit heilt anna felt.

Marius Rosbach
03.01.2022

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Thorstein Viseth (35) har vore bevisst på kva han vil sidan han reiste frå heimstaden Ulsteinvik. Etter sivilingeniørutdanning ved NTNU i Trondheim, fekk han si første jobberfaring i Aker Solutions. Først i Trondheim og sidan i Oslo.

– Min motivasjon då eg studerte, var å finne ut korleis du kan produsere olja på ein mest mogleg miljøvennleg måte. Men det er mykje meir motiverande det eg jobbar med no, fortel han.

Miljøvennleg toalett
I Jets-konsernet jobbar han også med å flytte gass, veske og fast materiale gjennom rør. Men i staden for olje - er det luft, urin og menneskebæsj som blir transportert.

Thorstein kan ikkje unngå å flire litt når han snakkar om det «faste materialet», men det er liten grunn til å flire av eksportmoglegheitene – og ambisjonane til Hareid-bedrifta.

– Dette er 100 prosent berekraft. Det er det vi lever og andar for, seier han overtydande.

(saka held fram under)

Thorstein Viseth Jets foto marius 11
BEREKRAFT: Thorstein har gjort eit bevisst val om å flytte til heimtraktene for å jobbe hos Jets. Bedrifta sin vakuumteknologi gjer at ein kan nytte mindre vatn, enn tradisjonelle toalett. Foto: Marius Rosbach

Morgondagens sanitærløysingar
Toalettleverandøren sin vakuumteknologi kan til dømes spele ei avgjerande rolle for å handtere store folkemengder i område med lite vatn. Utviklingsarbeidet i bedrifta består mellom anna i å finne ut korleis ein kan bruke minst mogleg energi på drifta.

– Vi legg også ned mykje ressursar på å kartlegge og forstå morgondagens sanitærløysingar. Då snakkar vi om sirkulærøkonomi med gjenbruk av vatn, fosfor og nitrat – som kan nyttast i gjødsel, og til biogassproduksjon når kloakken blir behandla, forklarar Thorstein.

Tre jobbtilbod før studieslutt
NTNU-studiet i Trondheim førde Thorstein til ein master i energi og miljø. Ingeniørutdanninga var då svært ettertrakta – slik utdanninga også er i dag. Han spesialiserte seg i såkalla «fluid» dynamikk.

– Eg sat med tre jobbtilbod eit halvår før eg var ferdig med utdanninga. Vi opplevde å vere ettertrakta av selskap som Statoil og Aker, men også mindre firma tok kontakt, fortel han.

Saman med handverksfag, har ingeniør- og teknisk kompetanse, slik Thorstein representerer, vore dei mest etterspurde i NHO sitt nyaste kompetansebarometer. Desse yrkesgruppene er ønska i nær halvparten av bedriftene. Det er størst behov for elektro-, maskin- og byggingeniørar.

Eg sat med tre jobbtilbod eit halvår før eg var ferdig med utdanninga
Thorstein Viseth
Thorstein Viseth Jets foto marius 33
TUSENVIS AV DELAR: Thorstein Viseth har tittelen «system manager vacuum piping & units», og ansvaret for ein rekke av Jets-produkta frå utvikling og heile levetida. Produkta han jobbar med blir nytta på alt frå båtar, plattforma og store bygningar. Foto: Marius Rosbach

Valde Aker grunna fagleg tyngde
Masteren skreiv Thorstein for Statoil, men valde Aker Solutions som første arbeidsgjevar.

– Eg valde Aker Solutions fordi dei var kjent for å vere fagleg dyktige. Eg ville starte karrieren på ein plass som kunne gi faglege utfordringar, og at eg fekk oppleve korleis ting blei gjort i store selskap.

Thorstein legg ikkje skjul på at han har leiarambisjonar, men det var viktig for han å først få fagleg tyngde.

– Samtidig ville eg og kona prøve livet på ein større plass, ikkje berre som studentar, legg han til.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Får åtte timer «ekstra» kvar veke
Då dei venta sitt første barn, var dei samstemde om at Ulsteinvik var plassen dei ville bu. Gleda over besteforeldre som får nærkontakt med barnebarn og friheita eit nettverk gir for å få eit småbarnsliv til å gå opp, er berre nokre av fordelane Thorstein meiner familien fekk ved å flytte heim.

– Nærleik til sjø og fjell var sentralt for oss. Vi brukar mykje av fritida der. Samtidig er Ulsteinvik og Ålesund tilstrekkeleg urbant til at vi får dei tilboda vi ønsker, fortel han.

Thorstein har rekna ut at han har kring åtte timer «ekstra» kvar veke, som han brukte på å ta offentleg transport då dei budde i Oslo.

– Det er tid eg no kan bruke i lag med ungane, eller eg kan jobbe ekstra om eg ønsker. Det siste må du ikkje fortelje til kona, legg han til med eit smil.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Publisert: 03.01.2022 15:46

Sist oppdatert: 03.01.2022 15:48

Mer om